Kanskje Rui bør spele back. (Ein kamp mot Hereford som høgreback der alle var dårlege er ikkje nok til å bedømme om han er brukbar på back)
Kva har han av kvalitetar? Han er rask, han er teknisk, han har ro, og mannen tør å spele ballen, ikkje sparke.
Kva bør ein back ha av kvalitetar? Personleg meinar eg at ein back skal vere offansiv i spelestilen, vere viljug til å bidra framover kvar gong anledningen tilsvarar det, for å lage overtal i angrep.
Andre kvalitetar ein back bør ha: Pasningssterk, rask og taklingssterk.
Med andre ord, ut i frå det vi veit og har sett av Marques så innehar han desse kvalitetane. Om han er betre enn Frazer defansivt er ikkje noko å diskutera, om han er betre offansivt enn Kenton vil eg òg påstå.
Men, Rui har ikkje erfaring med denne posisjonen. Han har nettopp vore ute med skade, eg trur det vil vere lurarst å satse på mest mogleg lik forsvarslinje som har vore fast den siste tida. Ergo Frazer fortenar å beholde høgrebacken mot Carlise så får me ta det derfra.
Kenton har vore bra den siste tida, men sjølv har han vore ute med skade og mista dei siste to kampane, kor me har tatt 6 av 6 moglege poeng. Ingen grunn til at han da skal inn på laget. Kor mykje betre kan det bli eventuelt?
Sats på kontinuitet. Hunty og Mikkelikk er stopperparet heretter.
Er det ikkje deilig da gutter, at vi har eit slek innamari luksusproblem i laget?