Omsider har eg komt delvis til hektene etter noko som ikkje vart ein særlig god opplevelse på Wembley.
Det som skulle bli vår festdag vart totalt øydelagt av eit Leeds United som ikkje klarte å prestere, ei heller kjempe for drakta.
Ramma var suveren, flott vær (om enn ikkje sol), masse flotte supportere og eit kjempeflott stadion med ei matte som inviterer til fest.
Før kampen kunne ein spasere rundt og suge til seg den flotte stemninga blant supporterene, ta seg ein pint og rett nyte livet.
Eit høgdepunkt var på toget ut til stadion då ein far kom bærande med sin sønn under armen og sønnen sang flott og høgt: "it's just a town full of Leedsfans".
Det kunne virke som det var mange familier med far, konemor og unger som hadde lagt søndagsturen til London denne dagen, dagen da Leeds United skulle starte klatringen oppover i ligaen igjen. Ser ikkje vekk frå at mesteparten av feriebudsjettet gjekk med til denne utflukten.
Det var heeerlig å vere Leedsfan!
Så kom kampen...
Eit meir tafatt Leedsmannskap kan eg ikkje huske å ha sett. Før det var gått 15 minutt kunne det stått både 1 og 2-0 til Donny, kun ein opplagt Casper redda oss. Resten av kampen treng ikkje meir kommentar; Donny var best og rykte fortent opp til CCC - gratulerer!
Vi tusla skuffa frå stadion, men skuffelsen vart berre større og større etterkvart som dagane har gått. Dette er tungt.
Kan ikkje huske å ha lest nokon som helst unnskyldning fra Leeds United for den patetiske innsatsen på Wembley, og det meiner eg er på sin plass.
Eg tykkjer ikkje synd i de som representerte Leeds United 25/5-08, men eg tykkjer umåtelig synd i alle de nær 55.000 fans som hadde tatt turen til Wembley får å støtte sitt kjære Leeds United.
Med forbehald om at eg tek feil, meiner eg det er ei skam at ein unnskyldning ikkje er gitt!