Det er trist utvikling i engelsk fotball. Før eller seinare visste vi at det ville få konsekvensar å vere utanfor det gode selskap (CL og PL) spesielt med tanke på TV-inntekter. No er Luton, Rotherham og Bournemouth blant dei klubbane som har "gambla" på kortsiktig suksess og opprykk, men som av ein eller fleire grunnar har hamna i ei økonomisk knipe. Det er vanskeleg for oss supportarar å akseptere at feil styrevedtak og stormannsgalskap (Ridsdale) skal få så store konsekvensar for det sportslege, men slik er det med alle bedrifter og organisasjonar. Økonomien styrer dessverre alt for mykje av fotballen, og spelarar og trenarapparat må ta lide for feil som administrasjonen gjer.
Eg er lei meg på desse klubbane sine supportarars vegne, og det gjer meg trist at vi "la grunnlaget" for slike strafferettslege konsekvensar. Ein vakker dag håpar eg at det kjem betre løysingar på slike problem som betre skånar klubbens sportslege mål.