Då er årets fyrste cupkamp unnagjort. Synest Leeds spelte ein middels bra kamp i dag, det bar mykje preg av feriefotball etter at Leeds hadde dunka inn fem mål på ein omgang. Og fem mål på 6 sjansar. I tillegg til å verte snytt for eit klart mål, då Beckford blir feilmessig vinka for offside, noko reprisen visste å vera feil, då Beckford var onside, og Becchio kunne ha trilla ballen enkelt over linja. Leeds trilla ball, leika seg og tok denne kampen heilt med ro, ettersom sigeren allereie var sikra.
Den som imponerar meg mest i dag er utan tvil Beckford. Han viser prov på godt auge for mål. Fantastisk prestasjon av spissen vår i dag. No spørs det om det vil koma nokre bud på guten, som gjere at han forsvinn ut av porten på Elland Road.
Ein anna som imponerar, er ungguten Delph. Makan til talent. Han sprer gode pasningar, taklar, jobbar knallhardt og viser stor ballkontroll. Hadde det ikkje vore for Beckford sine tre scoringar, ville han ha fått publikumsprisen i dag. Kjempekamp.
Synest òg at vår nye kaptein, Frazer (for England) og Sheehan har bra kontroll på sidene sine. Er viljuge til å vera med i angrep når sjansen byr seg. Snodgrass og Robinson likar å utforde. Fyrstnemnde er flink til å utfordre ein mot ein, viser at han har fart, bra innleggsfot og teknikk. Robinson likar å vandre meir, og bevegar seg frå sin kantposisjon og inn i midten. Har glitrande teknikk og speleforståing.
Hunty og Casper er gode i dag. Rui er bra.
Men, Hughes er ikkje på benken i dag, kvifor?
Og Lubo verkar å vere ute i kulden, ein spelar eg har sans for. Er han på veg vekk?