Skal vel ikkje legge for mykje i 11-arane som spelar kvar sin omgang, men som supporter blr det jo litt tankar uansett.
Samanliknar ein dei to 11-arane ser det for meg ut som laget i første omgang er meir a-lag enn det som kjem ut i andre. Morsomt å ha fått vete korleis Grayson tenker når han setter opp desse to laga.
Sjølv om det er tidleg på sommaren vil han vel prøve å spele ilag visse sammensetningar.
Tankar:
Keeperane spelar stort sett like mykje. Litt meir på Higgs, fordi Grayson veit kva Ankergren står for. Ã…pen plass til seriestart.
Crowe og Parker er naturlege backer i serieopninga.
Huntington blir spennande å følgje. Han og Michalik spelar kvar sin omgang fordi dei ikkje passar ilag, eller fordi Grayson vil ha litt rutine i begge omgangar. Uansett kjem vel Marques og etterkvart Naylor inn her.
Snodgrass er bankers på laget, kamp om plassen på andre sida. White prøvast ut på kant, Robinson kan spele seg inn her. Eller sentral midtbane som kant (Delph ifjor)
Gir Johnson sjansen i midten. Mange moglegheiter her. Kanskje Grayson veit at Delph forsvinner og må spele inn ei sentral midtbane. Killkenny i bakhand, som nok vil krige seg inn på laget.
B and B på topp. Sjølvsagt viss begge blir i klubben. Elles kjekt å sjå Showunmi tilbake. Trur han kan gjere ein god jobb.
Kjekt og å sjå alle unggutta som får sjansen, so får vi sjå kor mange som får spelt seg inn i varmen i løpet av sesongen. Spelarar som Hughes og Prutton er spelarar som det er bra å ha i troppen og vil nok få sine innhopp i løpet av sesongen viss dei står på.
Resultat ikkje det viktigaste i sånne kampar, men uansett utruleg iriterande å sleppe inn to seine mål.
Blir spennande å følge laget vidare i treningskampane og sjå kva lag som setter seg etterkvart. Og sjå kva spelarar som blir eller forsvinner og eventuelt nye fjes som måtte komme.
Sesongen er igang!