Frykteleg kjedeleg og dårleg første omgang. Lite bevegelse, dårlege pasningar, sist på alle andre ballar, masse langpasningar og ingen målsjansar. Untatt målet sjølvsagt.
Skal seiast at Yeovil heller ikkje hadde all verden med sjansar. Eg gir dei 1, som Ankergren redda greitt. Men dei imponerte litt med raskt pasningsspel til tider. Stemninga var også dårleg, som følge av spelet som blei vist.
Starten av andre var heller ikkje det store, men det tok seg opp litt etter kvart og særleg etter byttene. Betre bevegelse, raskt spel, fine kombinasjonar. Vi viste etterkvart klasseforskjell. Men synst fortsatt Yeovil viste tendensar til bra spel innimellom og var ikkje sikker på tre poeng før 2-0 endeleg kom. Trur Yeovil blir å finne på øvre halvdel.
Ankergren- Redda den farlege sjansen til Yeovil og hadde elles lite å gjere. Sikker med beina og heller ingen bærturar.
Bromby- Dårleg med ball i første, og var av og til ute av posisjon. Spelar seg opp i andre med fleire doblingar på kant og full kontroll defansivt.
Kisnorbo- Solid kampen igjennom. Kompromisslaus.
Naylor- Litt problem ilag med Bromby eit par gangar i første, men spelar ein god kamp. Går til i duellane som det luktar svidd.
Hughes- Bra kontroll. Eit par dårlege pasningar innimellom, men godkjent kamp.
Snodgrass- Har ikkje heilt dagen, særleg i første. Tar seg opp med meir rom å boltre seg i i andre. Flott målgivande til Kandol.
Howson- Ikkje med offansivt i første og spring mykje imellom. Tar seg av andreballane i andre omgang og bidrar med raskt spel frå side til side.
Doyle- Litt samme som Howson, men blir bytta ut og får ikkje vere med på den beste perioden til Leeds.
Johnson- Klarer seg greitt både som kant og back. Verkar godt trent og vinn mykje på haudet.
Vokes- Ganske usynleg i første omgang. Verkar sluttkjørt etter timen, men fortsetter likevel å jobbe enda hardare utover kampen. Burde hatt og hadde fortjent eit mål.
Beckford- Hadde 5 hælspark i første omgang. Alle gjekk til motspelar. Er likevel på kampen igjennom og jobbar bra. Scorar nesten første målet og har tre ballar i mål i andre. To av dei avblåst for offside, men fin avslutningsteknikk på alle forsøka.
Gradel- "Grayson, sign him on. Grayson, Grayson, sign him on." Livleg og bevegeleg. Litt for mykje av og til, men herleg type å ha i bakhand.
Kilkenny- Held oppe balltempoet når han kjem inn på og gjer det enkelt.
Kandol- Fine ballberøringar, men viste litt gamle takter i opphoppa. Er frykteleg dårleg i duellar når han berre står. Må komme i fart inn i duellane. Då er det ingen som tar han. Flott mål.
Var tendensar til masseslagsmål etter kampen og Kandol måtte eskorterast ut av bana av Beckford og Snodin. Trur det var spissen til Yeovil (nummer 9) som var innblanda og sikkert har sagt noko. Kisnorbo var også rimeleg forbanna.