På 1-2 trudde eg faktisk nokre augeblink at vi kunne stjele med oss eitt poeng, men nok ein horribel forsvarsfeil øydela alt håp. Det vart ein heilt annan "sprut" i laget då Dawson kom inn. Plutseleg byrja fleire, særskild Mowatt å setje fart framover. Det mangla tidlegare i kampen, som var prega av mykje upresise tversoverpasningar og tullete "småfinesser".
Fleire kjelder har fortald oss at treningane under Milanic var slappe, noko vi såg tydelege prov på i går. Den normalt eksplosive Doukara er ikkje til å kjenne att, Cook verka også tam og slurvete. Bianchi kan langt betre han også!
Redders må få opp temperatur og tempo på treningane, gårsdagens slappe gjeng tuslar mot nedrykk! Krigaren Austin må tilbake som anker, eventuelt må Bellusci flyttast opp eit hakk.
På topp skrik laget etter fart. Kva med å prøve Montenegro snart? Morison passar dårleg med resten av laget og bør ha gjort sitt i klubben.
Håpar på følgjande startellevar:
Silvestri
Berardi - Cooper - Bellusci - Warnock
Dawson - Austin - Bianchi - Mowatt
Doukara/Montenegro - Antenucci