Ein bra kamp av Leeds. Me hadde fortent minst uavgjort, men må ta vare på dei sjansane me får. Carayol var etter mitt syn uhyre svak og lite interessert i dag. Murphy var god på midtbanen, og me skapa i alle fall sjansar i dag.
Det ser ut til å vere vanskeleg i finne rette rolla til Cook. Han er ein god spelar så me må få meir ut av han.
Det er tydeleg at me spelar med meir senka skuldrar på bortebane og mot topplaga i divisjonen.
Trist med det kjappe baklengsmålet i dag. Fyrst rusar Bamba ut som ein villbasse - og missar, og så er ikkje Berardi heilt med då Arfield får plass på kanten. Kjipt baklengsmål for n'te gong dei siste par-tre sesongane.
Me må minst ha tre poeng til for å berge plassen. Kva som skjer til sommaren er det ingen som veit, truleg heller ikkje Cellino ...