Alioski har vore ein av mine favoritter sidan han kom til Leeds. I tillegg til å vere ein humørspreder, har han alltid gitt alt for laget. Det var godt å høyre Orta sin hyllest til Alioski på The Phil Hay show. Orta sa at dei fleste spelarar som spelte dei siste kampene av kontrakten, gjerne holdt litt igjen for å unngå skader i det dei var i ferd med å forhandle om ny kontrakt. Men ikkje Alioski. Han ga fortsatt 100%, som han har gjort gjennom heile tida i Leeds.
Alioski har nok ikkje vore den viktigste bidragsytaren desse åra, men han har vore ein viktig brikke i eit lag som har rykt opp frå Championship og etablert seg i PL. Det var ein diskusjon på forumet tidlegare om han ville vere ein Leedslegende. Det er for meg ein relativt uinteressant diskusjon, for dette vil uansett vere subjektivt. For meg vil ikkje han høyre til blant dei største Leedslegendene, men laget som rykka opp i fjor vil for meg vere legendarisk, og Alioski var ein av mange viktige spelarar på det laget.
For meg er ein av dei største misforståelsene når det gjeld Alioski er at han er ein lite intelligent spelar som ofte gjer feil val. Dette bunner nok i at han har ein lite seriøs framtoning. Derimot ser eg ein svært intelligent spelar som ofte tar krative val. Alioski sin "default-pasning" er å sentre ballen vidare til Harrison på venstrekanten. Dersom ein analyser dei offensive pasningar der han gjer eit anna val, så vil ein sjå kor godt overblikk han har og at han ofte skaper gode sjanser med sine val. Det beste eksempelet på dette er kanskje gjennombrotspaninga til Dallas mot Man. C, som kun kunne gå ein plass for å spele Dallas gjennom, og Alioski fann den.
Takk for det du har gitt oss, Gianni, og lukke til i neste klubb.
Sent from my LYA-AL10 using Tapatalk