Her er ein graf som syner (glidande) poeng-gjennomsnitt for siste 4 kampar (blå) denne sesongen, og to grafar som syner naudsynt framtidig snitt for hhv poengmål 92 poeng (oransje) og 85 p (grøn); også desse glidande gjennom sesongen så langt. Oppdatert etter Nottingham F borte.
(time will show om opplasting av vedlegget lukkast...)
Og her er tilsvarande oversikt oppdatert etter Huddersfield på ER i går:
Den blå lina syner oss altså at vi sidan 8. februar har gått frå eit poenggjennomsnitt på 0,75 pr kamp (siste 4 kampar) til 3p i snitt.
Så lenge den blå trendlina ligg over lina for eit naudsynt framtidig snitt for eit gitt/tenkt mål (t.d. 85 poeng ev 92 poeng som i denne grafen), er alt godt.
Grafen syner elles at poenggjennomsnitt for siste 4 kampar så langt denne sesongen svingar med ein grunnfrekvens på omlag 18,5 kampar; mao med eit nytt botnnivå om 9,25 kampar. Akkurat det mønsteret ser eg fram til at vi maktar å bryte fram mot sesongslutt. MOT!