1-4 no. Eg har sett med eit halvt auge på kampen. Leicester sine to første mål (og Southampton sitt mål) kom etter grove forsvarstabber. Leicester best i første omgang - utan å dominere så mykje som resultatet kunne tyde på, men dei har heilt klart meir kvalitet i dei fremste rekker.
I andre omgang har Southampton, kanskje naturleg nok, tatt over meir av spelet utan å skape sjanser og det er Leicester som skåra på ein av sine gode kontringar, og dei kunne fort hatt fleire mål.
Leicester ser ut som eit opprykkslag. Det er litt tidleg å avskrive Southampton, men etter at vi slår dei om to veker kan det meste av håp alt vere over for dei.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk