Eg såg andre omgang av Leicester kampen, og det var total dominans av Leicester i storr delar av omgangen. Vardi var bl.a. åleine med keeper to gonger. Andre gang fekk han ballen frå ein mislukka tilbakepasning av ein Bristol City spelar, og hadde eit hav av tid til å sette ballen i mål.
Men Leicester har ein spelestil som gjer at det vil bli rom for motstandaren å skape sjanser. Bristol City skal ha honnør for ar dei ikkje la seg i forsvar, og prøvde å angripe når dei fekk sjansen. Og sjøl om Leicester stoppa dei fleste forsøka tidleg lukkast dei med eit godt skot frå 16-meteren ca. 15 minutt før full tid. Etter det gjekk lufta litt ut av Leicester-ballongen, og Bristol City fortsatte å angripe og blei også snytt for eit soleklart straffespark.
Eg vil fortsatt påstå at Leicester har det beste laget i Championship, men det butter tydeleg i mot for tida, så slik det ser ut no, ville eg satse pengar på at dei ikkje kjem blant dei to første.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk