Eg såg kampen i opptak og kanskje det er litt farga av at eg visste resultatet og hadde lest/høyrt på kampkommentarer, men eg syns dette var ein ordentleg møkka-Championship-kamp. Eg syns ikkje Leeds var så gode i første omgang som eg hadde fått inntrykk av frå kommentarane, og vi skaper relativt få sjansar, sjøl om det er kanskje nok til at vi fort kunne ha fått eit mål. Hull bidrog mest til å gjere kampen kjedeleg med å vere det mest defensive laget vi har møtt på bortebane.
Eg syns også kritikken mot Gray, Shackleton og Ayling er overdrive, men overdrivingar blir jo fort normalen på forumet. Ingen av dei hadde ein spesielt god kamp, men trass enkelte feil syns eg dei var OK. Det gjeld spesielt Gray, som mest av alt var mindre involvert enn normalt. Det trur eg skuldast at Hull ikkje hadde noko særleg press, slik at Gray ikkje var involvert i oppbygginga, som normalt, men vi spelte forbi han.
Som sagt ingen stor kamp av desse 3, men det var det vel kun Ampadu og Summerville som hadde. Rutter, Struijk og Meslier var også gode.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk