Den beste og mest nøyaktige uttalelsen eg har høyrt om VAR er Bielsa sitt svar i eit TV-intervju den første sesongen det var tatt i bruk, etter at Leeds etter alle solemerker tapte kampen pga ein feil VAR-avgjersle ( hugsar ikkje kva kampdet var, men kanskje handa til Bamford som var i offside?). Journalisten prøvde å fyre opp Bielsa ved å spørre kva han syns om VAR. Bielsa tok ikkje åtet, men svarte på sin vanleg tørrvittige måte at VAR er ein teknologi som hjelper dommarar til å ta betre avgjersler. Og det meiner eg han har rett i, men den er likevel ikkje utan negative sideeffekter.
For først å ta dei store fordelane med VAR:
1) Det er nesten fullstendig slutt på all filming og tjuvtriks.
2) Talet på alvorleg feilaktige dommaravgjersler har gått ned.
Den første reknar eg med er ganske ukontroversiell, og eg har faktisk inntrykk at det ikkje berre gjeld kampar der VAR er i bruk, men også når eg set Championship i år virkar dette å vere mindre alvorleg enn slik eg hugsar det før VAR blei tatt i bruk. Det kan nesten virke som at PL-kampane fungerer som eit forbilde for lågare divisjonar.
Den andre er det nok enkelte som vil vere einige i, men eg er villig til å sette ganske mykje pengar på at om ein hadde laga statistikk på det, så hadde dette blitt tydeleg bevist. Grunnen til at det kan virka som det ikkje er tilfelle er at det no er endå større fokus på dei avgjersler som er feil.
La oss så ta dei mest negative sidene ved VAR:
A) Det blir unødvendige stopp i spelet, som igjen legg ein dempar på spontaniteten i fotballopplevelsen
B) Det har - kanskje litt uventa - blitt eit endå større fokus på dommarar og dommaravgjersler.
Desse er det nok ikkje mange som er ueinige i og spesielt den første er nok blant den viktigaste grunnen til at mange vil ha slutt på VAR. For meg er det eit nødvendig onde med VAR, men det vil vere muleg å justere litt for å minimere effekten av dette ondet. Det kan ein gjere ved å legge meir vekt på "clear and obvious", og viss det ikkje er relativt enkelt å sjå at ein dommaravgjerd er feil, så lar ein den stå.
Grunnen til at det ikkje blir gjort er etter min meining mitt punkt B), nemleg at dommarane har komme endå meir i fokus og dermed kjenner eit endå større press for ikkje å gjere feil. Akkurat det trur eg ikkje er så mykje å gjere med. Det er først og fremst sensasjons-pressen som skaper dette fokuset, men dei er igjen motivert av at folk kjøper denne type dekning. Det måtte ein urealistisk haldningsendring til blant presse og publikum for å rette på dette.
Trass alt heller eg likevel til at fordelene med VAR er større enn ulempene og håpar at det med justeringar over tid kan bli endå betre. For eksempel meiner eg at offside burde bli målt ut frå kor føtene er, og ikkje andre kroppsdelar. I så fall vil eg tru at det kunne la seg relativt enkelt gjere å implementere teknologi, a la mållinjeteknologi, som automatisk kan ta seg av offsideavgjersler.
Eg må imidlertid også innrømme at eg ikkje har sakna VAR i år, men har ein mistanke om at det mest er pga at vi ikkje har tapt poeng på grunn av ein tydeleg feil frå dommar sin side. Om det skulle skje i innspurten at vi går glipp av opprykket pga ein dommarfeil, hadde dette fort endra på det.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk