Skuffande omgang etter ein god start. Southampton kom etterkvart meir med og fekk spele sitt spel. Trist å sjå at midtstopparparet ikkje klarer å justere etter å ha sluppe Armstrong gjennom til ein god sjanse, før dei lar han gå på nytt då han skåra. Det virkar som dei prøver å spele han offside, men er ikkje i nærleiken.
Etter det har kampen følgt eit forutsigbart mønster, der Leeds har ballen ein del, men klarar ikkje å spele seg til sjanser, mens Southampton er farlege når dei får sjansen. Men det er ikkje over endå. Summerville viser glimt av kvalitet og Rutter kan også glimte til. Gray og Firpo best hjå oss, og Meslier har også gjort det han skal.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk