Madammen, eller desember-dama som Asbjørn likar å kalle ho, skal investere i ny bærbar PC til skulebruk. Vi snakkar PC, ikkje Mac.
Ho skal bruke den til Adobe Photoshop, Adobe Flash og kanskje eit videoredigeringsprogram. I tillegg vil den bli nytta til speling av musikk, visning av dvdar, nettsurfing og enkle tekstprogram.
Sjølvsagt spelar prisen ei viktig rolle. Helst vil ho under kr 8000. Nokon tips og erfaringar?
HP, Toshiba, Acer osv...