Så vidt eg kunne sjå på det lille bildet på dei off. sidene av troppen som drar til Norge, er Bakke med her. Det håpar eg betyr at Blackie reknar Bakke som ein seriøs kandidat til plass på laget når sesongen startar, noko som han etter mi meining ikkje kan ha gjort mot slutten av forrige sesong, for det vil elles vera uforståeleg at han ikkje spelte play-off finalen.
Viss Bakke ikkje får speletid, kan det umuleg vera nokon som er interessert i å kjøpa han og betala noko i nærleiken av den løna han har no. Viss Bakke derimot imponerer nok til at andre klubbar er interessert, så kan det jo også bli aktuelt å behalda han?! Eg såg Bakke ved to anledningar i fjor, AV-Arsenal og litt over ein omgang mot Preston, og det var nok til å overbevisa meg om at han kan bli ein viktig faktor i kampen om opprykk dersom Blackie gjer han tillitt.