Akkurat no er eg møkka drittlei all forpult fotball og dritsur og helvete laust og faenskap og drit og dra osv.
Men samstundes er eg fortsatt edru nok til å vita at dette kjem til å gå over, og når mandag/tirsdag kjem, kjem kløen til å vera tilbake.
I dag såg eg kampen på Oslo Sportsbar, og den ligg der, klar for å bli tatt, som ei jomfru på sprit og Viagra. To Leeds-fans hadde ei heil avdeling for seg sjølv, med ein australsk bartender som riktignok ikkje var fotballfrelst, men som hadde Leeds som favoritt likevel pga. Viduka og Kewell.
Eg har ingenting mot Bohemen, det er ein glimrande fotballpub, men det er samstundes grunnen til at det ofte vert overfylt der.
Oslo Sportsbar i Gamlebyen har derimot ikkje heilt funne sin profil enno. Muligheiten er der no. No no no. Vel, ikkje egentlig no men neste helg. Her kan vi få den nye Slainte, rett over gata frå den gamle. Dei har til og med ei Chelsea-dørmatte som ein kan tørka av seg driten under beina på når ein går inn.
Eg snakkar altså ikkje om Sportsbaren i Rosenkrantzgate, her er det Gamlebyen som tel. Vi har muligheiten til å kapra denne staden, og går ikkje det, går det alltids an å venda tilbake til Bohemen.
Kom kom kom. Neste laurdag kan vera Blackwell sin siste kamp. Øh, eller sundag. This is the window of opportunity.