Eg har tidlegare forsvart Bakke sin rett til å fortsetta å heva lønna som han har kontraktfesta, og vil fortsatt gjera det. Viss det stemmer at Bakke skal ha £4000 extra per kamp, er det imidlertid både merkeleg og kritikkverdig av Bakke om han ikkje er villeg til å diskutera å redusera eller gje avkall på dette for å få spelt fotball. Her er det imidlertid veldig mange spekulasjonar ute og går og det er ingen her på forumet som veit kva som verkeleg har skjedd mellom Bates og Bakke. Kan det vera Bates krev at Bakke både skal ta ein kraftig lønsreduksjon og gje avkall på dei £4000, eller er det £4000 pr kamp bonus kun oppspinn?
Ein anna sak som eg syns er blitt gløymt i denne samanhengen er at det ikkje kun er Bakke (og Kelly) som hevar høge lønningar frå Ridsdale-perioden. Det er fleire gamle spelarar og ansatte som fortsatt for godt betalt av Leeds. Viss Bakke ikkje hadde vore skada då nedrykket kom, hadde han nok også vore ein av desse. At Bates ikkje går ut mot dei andre som hevar store lønningar frå Leeds, er sjølsagt fordi han ikkje har noko som helst pressmiddel mot desse. Det har han imidlertid mot Bakke, og han bruker det for det det er verdt. Det er nok mange aktørar som driv "eit skittent spel om pengar" i denne saken, men å påstå at Bates og Leeds er uskuldege offer for Bakke sin griskheit blir for dumt.
Til sist: Sjøl om Bakke skulle få £4000 pr kamp blir dette likevel relativt lite i forhold til å henta inn ein erstattar med samme kvalitetar. Eg reknar då med at Leeds likevel må ut med grunnløna til Bakke (at det finns ein klubb som er villeg til å betala noko i nærleiken av den løna Bakke no, trur eg ikkje før eg ser det). Eg håpar derfor at Bates tar til fornuften og lar den beste midtbanespelaren i stallen få hjelpa Leeds til opprykk, og at Bakke visar storsinn i forhold til sin pr. kamp bonus (kva med i det minste reforhanlda det til ein opprykks-bonus).