quote:
Originally posted by pikselator
Nå er det vel ikke USA som dikterer i denne saken. Så vidt jeg har latt meg fortelle er det 100% oppslutning i det internasjonale samfunn om fordømming av prøvespregningen?
Pikselator (AKA Sten) -Your Friendly Forum Groundsman
USA dikterar det meste, og store delar av verdssamfunnet blir diktert av USA. Alle veit den store påverknadskrafta dei her. Korleis skulle Israel elles få drive på som dei gjer, utan at dei får reaksjonar?
Det er riktig at det er fordømming av prøvesprenging, men så avheng det av kven som sprenger. Når Frankrike haldt på med det, blei ikkje dei møtt av same grad av fordømming. Ifølge ikkje-spreiingsavtalen skal ikkje eit land som Israel ha atomvåpen, likevel er det allment kjent at dei har mengder av slike våpen. Dette innrømmer dei riktig nok ikkje, men det er faktum.
quote:
Originally posted by lojosang
Jeg sier som Bush: "A peaceful nation does not need nuclear weapons."
Større grad av hykleri skal vel ein leite lenge etter. Målet med nedrustingsavtalane var å etter kvart avskaffe alle atomvåpen, men det har vel ikkje skjedd, sjølv etter at den kalde krigen var avslutta. Den kalde krigen var jo eit opprustingskappløp utan like, og medførte enorme atomvåpenarsenal. Ein stor grad av desse arsenala eksisterar den dag i dag.
Eg skulle gjerne sett Nord-Korea utan atomvåpen. Eg meinar dei ikkje burde hatt atomvåpen, på same måte som USA, Storbritannia, Israel, Frankrike, India, Pakistan, Kina, Russland, osv heller ikkje skulle hatt det. Ã… diktere kva Nord-Korea kan gjere og ikkje gjere, når dei landa som dikterar sjølv sit med den kapasiteten, har ein liten bismak i min munn. Men skjønar det gjer eg.
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******