Skrevet av Emne: Lita historie om Peter Risdale  (Lest 1138 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

R - R

Lita historie om Peter Risdale
« på: Oktober 11, 2006, 07:58:19 »
Veit ikkje om dette er riktige plassen, så moderatorane får flytte om på dette. Uansett..

Eg var på prøvespel for Halifax College (eit av åtte college her på campus i York) sitt førstelag i dag, og sto og venta på møteplassen. Fullt opprusta i Leeds antrekk fekk eg eit par mindre vennlegsinna kommentarar[:D] I det eg sto der, kom eg i prat m ein eldre kar som gjekk forbi, som la merke til det flotte antrekket. Vi mimra litt, og snakka om no- og fortid. Sjølvsagt prata vi om samanbrotet til klubben, og kom då inn på Peter Risdale. Det viste seg at han sjølv hadde jobba med Risdale ved eit tidlegare høve. Eg huskar ikkje namnet på arbeidsplassen i forbifarten, men Risdale hadde vore sjefen hans.

På kontoret blei Risdale som ein veldig hyggelig og likandes fyr, men det viste seg etter kvart at han ikkje hadde mykje greie på økonomi. Han kunne mellom anna fortelje at om det var noko ein ville kjøpe inn, så var det berre å gå på kontoret hans, og Risdale ordna det. Høyrest ganske likt ut med ei anna historie... Han var forøvrig interessert i å høyre om norske Leeds fans, og hadde lagt merke til at Leeds var populære i Skandinavia, og måtte jo då sjølsagt promotere LUSCOS.

Elles gjekk prøvespelet bra, og dei 'mindre vennlegsinna' fekk eit par taklingar[:D]

- Rune

1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[:D]

Job Done Preston, *******
- Rune

SirOlsen

Re: Lita historie om Peter Risdale
« Svar #1 på: Oktober 11, 2006, 08:23:52 »
Hehe, way to go!

Håper du kom noen vei med prøvespillet ditt ;) La oss håpe du blir (ehm..) toppscoorer hos våre helhvite snart! :D

MARCHING ON TOGETHER!
-SirOlsen-

d701753

Re: Lita historie om Peter Risdale
« Svar #2 på: Oktober 11, 2006, 19:43:56 »
Morsomt! Ikke akkurat overraskende!

Håper det blir kontrakt på deg!


Tony
Tony