Min teori er at sparkinga av Blackie var noko Bates bestemte seg for så brått at han ikkje hadde tenkt på ny manager før det skjedde, og at det var utanomsportslege årsakar som var viktigaste årsaken til dette. Eg har sett det nemnt at Bates oppgav "gross misconduct" som årsaken til at han sparka Blackie.
Dette blir sjølsagt spekulasjonar, men det virkar som tilhøvet mellom dei to blei meir tilspissa over sommaren, og eg trur at mykje av grunnen er at Bates blanda seg meir inn i transferhandlinga enn Blackie likte (pga den økonomiske situasjonen). Eg trur nok at Bates har hatt meir enn ein liten finger med i "rotet" på overgangsmarknaden i sommar som Blackie har fått skulda for, slik som kjøp / sal av den tidlegare Milwall-spelaren, som var så kort tid i klubben at eg ikkje hugsar namnet hans i farten, og utfrysinga av Bakke etter at Blackie tydeleg hadde satsa på han i sesong-førebuinga.
Då Bates først bestemte seg for å gje Blackie sparken, hadde han nok ikkje andre alternativ enn Carver. At Wise til slutt blei ansatt har sjølsagt samanheng med at laget kollapsa totalt, og sannsynlegvis også at forhandlingane med Chelsea gjekk mot slutten og ga Bates eit betre økonomisk fundament til å ansetta ein ny manager.