Er og ueinig i at Leeds blei køyrt over. Leeds kom for langt bakpå, men sett i forhold til kampen mot Southend var dette langt betre. Det i dag er sjølvsagt at vi putta tre flotte mål, og at vi haldt nullen. Stack blei sjeldan trua, sjølv om Colchester i for stor grad fekk kome for nært innpå 16-meteren. Virkar som Foxe har litt same syndromet som Crainey at han ikkje tør støte. Elles e jo ikkje Foxe høgreback, som var tydeleg å sjå. Synst elles Crainey skal få litt skryt. Han var litt rar i førsteomgang, men i andreomgang synst eg han var blant dei betre på bana. Må få skryt når han fortenar det.
Men som sagt - mykje betre enn mot Southend. Colchester har gjort det bra i år, og slo mellom anna Cardiff forrige helg. Vi har mykje å gå på, men det var utvilsamt godt med tre poeng. Og deilig å sjå Blake få fram noko av potensialet. Herlig straffespark[
] Har det på video
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******