Var og saag store delar av kampen. Maatte gaa 20 min ut i andre omgang.
Referat fraa kampen kan lesast paa den offisielle sida, so tenkte berre eg skulle kome med spelarvurderingar.
1. Jonathan Lund- Var solid i heile kampen, og hadde eit par glimrande inngrep.
2. Ilan Baker- Stor spelar, robust men litt keitete/klønete. Gjor ein del enkle feil og imponerte ikkje i det heile.
5. Simon Madden- Relativ liten av vekst, men kompensera med vilje og flink til å bryte foran.Relativ kjapp. Ein av dei betre.
6. Ross Wilkinson- Ligna litt på Heath. Stor robust, men taper likevel ein del duellar på grunn av dårleg timing. Relativt treig.
3. Stephen Crainey- Spelte første omgang. Hadde god kontroll defansift og hadde eit par raid offansift. Brukbar.
7. Sebastian Carole- God når han har masse rom foran seg, men blir anonym når han ikkje får rom. Eit par glimrande raid trekk opp, men verkar til tider uinterresert. Middels -
8. Gylfi Einarsson- Blei liggande for det meste som eit anker, og fordelte ballar bra. Litt stasjonær og savna dei djupe løpa. Prøvar å ta tak, men styrer ikkje det sånn eg hadde forventa. Brukbar.
4. Robert Bayly- Teknisk spelar, litt liten i vekst og manglar litt fart. Men spring ofte opp motspelarar med rein vilje. Bra.
11. Danny Rose- Usynleg. Viste enkelte bra teknisk, men virka sur gjennom kampen. Også han best med store rom foran seg. Heldig at han ikkje fekk kort. Bytta ofte vingplass med Carole.
10. Gavin Rothery- Bra samspel med Blake, teknisk, stor innsats, men litt dårlege skudd. Ikkje den størte karen, men vinn likevel ein del duellar. Den beste?
9. Robbie Blake- Vandra frå side til side, og bytta med Rothery om å vere hengande spiss. Viste klasse på målet. Outstanding teknikk, men held litt lenge på ball.
16. Bailey Camfield- Kom inn for Crainey, og virkar som ein solid back av det eg såg av han.
14. Tomi Ameobi- Ganske høg, men verka ikkje å vere robust nok i duellar. Viste brukbar fart, men såg dei ikkje lenge nok til å seie for sikkert.
Elles i spelet hadde Leeds brukbar kontroll. Skrudde opp tempoet til tider, men dårleg tempo i lengre perioder. Enkelte viste seg fram med vilje og skills. Særleg Rothery, Madden og Lund, blir spennande å følge vidare.
Henning