Etter søndagens hopprenn i Holmenkollen har debatten rundt Norges nasjonalanlegg blussa opp att. Eg var sjølv tilstades og følgde hopprennet. Trudde lenge at Malysz kom til å tryne. Bør skiforbundet og Oslo kommune revurdere planen om å byggje ny hoppbakke der den ligg i dag, og heller finne ny beliggenheit for bakken? Vil dei planlagde vindskjermane hindre tåke og vind i bakken? Espen Bredesen og Torbjørn Yggeset uttalte i etterkant av rennet at dagens beliggenheit er håplaus, og at bakken burde flyttast.
Påstandar:
Turistattraksjon: Norges mest besøkte turistattraksjon. Skimuseet er lokalisert i dagens anlegg.
Historie: Det har vore hopprenn i Holmenkollen kvart år sidan bygginga i 1892. Holmenkollen er for mange blant verdas tre mest berømte idrettsarenaer. Sist ombygging var til VM i 1982.
Vêrforholda: Skihopp er ein utandørs idrett der vêret alltid vil spele ein rolle, uansett kor det arrangerast. Likevel bør det, så godt det går, leggast til rette for mest mogleg like forhold for alle deltakarane.
Kva er viktigast? Historikk eller dei skiftande vêrforholda?