Madammen og eg ønskjer å dra på ein romantisk storbyferie i byrjinga av 2008. Vi har blant anna snakka om Budapest, Riga og Tallinn. Vi ønskjer å unne oss eit opphald i ein fin by med gode moglegheiter for rimeleg spa/massasje. Er det nokon som har reisetips, eventuelt erfaring som dåkke vil dele før vi bestemmer oss? Har så vidt sjekka tilboda hos Norwegian, men kva andre selskap bør vi sjekke? Vi ønskjer å dra frå Austlandet, fortrinnsvis frå Gardemoen/Sandefjord.
Pris har heilt klart stor betydning, medan vær og klima sjølvsagt ikkje står i høgsetet når vi vel å dra midtvinters.