Main Menu
Menu

Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Show posts Menu

Messages - notsonice

#1
Lokale Avdelinger / Sv: TREFFSTED I OSLO
August 21, 2006, 05:10:13
Var innom Oslo Sportsbar saman med Kloggen og kikka på praktkampen mot
Cardiff. All right!!

Det var satt av ein storskjerm og to tv`ar for denne matchen.
Litt flaut då at det berre var to av oss.
Me blei innformert om at dei kjem til å senda kvart einast oppgjer som
vert kringkasta denne senongen.

Sjefen der nede kunne fortelja meg at det var Leeds som hadde fått han  keen på fotball. Karen er i frå Australia. Det var vist svære greier der nede den gong me herja vilt i CL.
Han var skikkeleg hypp på å få sjappa til å bli ein hangout for oss Leeds-gutta.
Det er førebels sparsomt med riktige effektar der, men dette blir det ei ordning på snart.
Når dei i tillegg har godt øl og rikeleg med brennevin er det vel ikkje mykje å lura på!!
Trikk og buss stoppar rett utanfor døra.

Eg tykkjer forøvrig at det er særs godt signal at dei har Chelsea-dørmatte. Det er mykje som gjer betre enn å gna driten inn der den høyrer heime.
#2
Ordet er fritt / Blackwell
August 11, 2006, 06:08:45
Eg veit at det er farleg å kritisera manageren. Særskildt på dette stadiet i sesongen. Men eg må få seia at sist sesong var det heilt klart på sin plass å setja spyrjetegn ved manageren sine disposisjonar.
Når eg no høyrer hans fråsegner etter kampen mot QPR, ja då styrkar berre dette mi oppfatning. Eg trur ikkje Blackwell har det som skal til. Flåsete uttalelsar om enkeltspelarar so ikkje gjer som dei har fått beskjed om, minnar meg sterkt om vår heimlege 2.divisjon.

Ok. Lat oss gje han ein sesong til. Men, eg berre seier det; eg trur ikkje Blackwell er mannen til å ta Leeds tilbake til til toppen.
Eg er heilt klart overtydd om at mange er einige med med meg i dette.

Eg ynskjer rett og slett å skapa ei meiningsutveksling og debatt rundt dette temaet. Det er noko eg har savna, og som eg trur mange har ei meining om.

Rune