Hei
Mitt navn er Andreas Vatne Lunde,eg er gift med Hege og saman har me 4 ungar. Familien bur på "Sommarøya" Stord.Jobbar til daglig som ingeniør i Aker Kværner Elektro, og knekker nye nøtter der kvar dag.
Eg har vore LEEDS supporter så lenge eg kan hugse (ikkje alt på 80 talet eg hugsar....). Grunnen til at det vart LEEDS var vel bror min Kristian jr. Då eg er født i `69 og bror min i `64, var vel det den rette tida å få LEEDS inn i blodet på, med "Super LEEDS",tippekampar på NRK, fotballkort og løkkefotball.
Eg har aldri opplevd å sjå LEEDS spela på Elland Road, så det er kraftig lengsel for å reisa over.
Fekk oppleva å sjå dei (og vera på forspiel med spelarane på Beverly 2.etg. med free bar, stripping etc.....) ifjor sommar, då dei vitja Haugesund og Stavanger. Det vil eg aldri gløyma (enkelte ting aldri hugse). Utrulig opplevelse å lade opp til kampane med skikkelege LEEDS supporterar og høg allsong faktor!! Håpar det kjem tilbake denne somaren òg, og at nokon jobbar for å få dette til å skje.
Kasus på mitt suporterforhold til LEEDS er å betegne som uhelbredelig, og det er eg ordentleg stolt over!!!!
Då dei rykka ned til Championship, grein eg på jobb, og var nede for telling mentalt i fleire veker. Det var tungt!!! No går det mykje betre!
Eg fylgjer dei i tjukkt og tynnt, sama kva som skjer!!!
Marching on together. We`re gonna see you win.......
Helsing
3109 Andreas