No har eg komt heim frå Oslo Sportsbar. NB! Frustrasjonen som skriv!!
Okei, vi har tatt ein kamp mot DONCASTER, og den har tapt oss opprykk til the Wankership. Greit nok.
Måten vi gjere det på, er dødball, etter først og fremst ein klønete takling frå Michalic.
Det er vår andre playoff finale vi tapar på 2 år. Og med det vil eg seie at vi kjem til å bli i denne divisjonen i mange år, desverre.
Eg er ein bitter pessimist blitt. Ã… gå rundt og vere ein glad optimist, gjere at nedturen blir så lang og mørk, spesielt når klubben i hjertet heiter Leeds United.
Hugs kva alle sa etter tapet for Watford i 06, neste år rykke me direkte opp. Kva skjedde? Vi kjem til å rykke direkte opp frå league one, kva skjedde? Nedturen blir større med at vi får starte med 15 minuspoeng. Vi sikrar ein playoff plass, og vi er sikre på opprykk. Kva skjer?
Til neste år, skal me ikkje spele fotball, vi skal krige å sparke fotball. Vi skal møte MK DONS og evt Rochdale.
Ein optimist vil sei at Leeds kjem seg sterkt tilbake. Vi kjem til å få ein rik onkel som kjøper opp klubben og har hjerte i Leeds. Mcallister får til eit klar spelesystem, og spelar "sexy football", og Frazer blir kalt opp til England troppen i kampen mot VM.
Det er berre til å innsjå fakta, vi er blitt ein klubb som tapar finalar, som rykker ned, som hamnar i gjeld, taparklubb. Det beste med heile Leeds United er fansen, den trofaste fansen, som ALDRI vil få tilbake den kjærleiken vi har gitt klubben. Kjæraste, famile og venner har alltid vore prioritert bak Leeds, men endar alltid med at det er desse som trøstar oss og får oss oppatt på beina.
Leeds har jo ikkje ein gong eitt eige treningsanlegg eller fotballbane. Har klubben solgt sjela til djevelen? For eg lurer verkeleg på når oppturen startar? Og da meinar eg ikkje når me vinner ein bortekamp mot Rochdale. Me er jo Leeds, det er ikkje stort for Leeds å rykka opp til Championship. Leeds United høyrer heime i Premier League. I Toppen av Premier League. Når me er tilbake i Europa, økonomien er på gang og Elland Road + Thorp Arch er tilbake til klubben som odel og eie. Vi skal satse på ungdomsakademi, og bli best i England på å utvikle eigne talent, som verken Tottenham eller Chelsea kan snappe opp.
Kva er ein opptur for deg?
Sjølvsagt vil opprykk innen 2-3 år vere ei målsetting no. Om me klarar det? Det gjenstår og sjå...
I