I ein periode som Beckford underpresterer i stor stil, burde Grella få sjansen i staden. Alle - og kanskje Becks spesielt - har godt av å få vite at plassen er truga og at det ikkje er delt ut klippekort for vårinnspurten. Grella har vore frisk i sine seinare innhopp og fortenar meir speletid, men ei varig løysing ut sesongen er han nok ikkje.
Kandol og Becchio blir nok, som Auren også påpeikar, for stilleståande og tvingar oss til å slå mykje langt og høgt. Slik fotball vil eg ikkje sjå for mykje av i Leeds United, ei trur eg heller det er effektivt.