Det går ein del fly fra Stavanger til England, eg har tatt flyet frå Stavanger til Manchester med Norwegian som er ein grei tur. Da tar eg toget til Leeds som er veldig greit og billig. Når det kommer til hotel har eg ikkje så mykje erfaring i Leeds sidan eg budde hos slektningar av kjærasten når eg var i Leeds. Men å sjekke på hotels.com er greit, finner ein greie prisar og kan sjå kva andre skriver om hotellet. Og viss ein skal vær i Leeds ei stund så anbefalar eg å ta tog eller buss til York ein dag. Ein veldig fin by der ein kan sjå på mykje fine ting, ein tur i York minster er veldig fint og ein tur opp til tårnet må ein prøva. 250 trappetrinn opp til toppen og viss det er fint vær kan ein sjå til Leeds. Her er det og veldig mange puber som er veldig bra og mange fine gater. Viss ein er Harry Potter fan så er The Shambles ei gata ein må sjå, der JK Rowling henta inspirasjonen til Diagonallmenningen.