avstemning

Bør oppvarminga til Burtonkampen skje med Leedskrus?

Kjør på - dette er kun overtru.
3 (27.3%)
Vent i alle fall til Leeds taper neste kamp før Leedskruset tas fram.
2 (18.2%)
La Leedskrusa vere i hylla til sesongen er over.
6 (54.5%)

Stemmer totalt: 11

Skrevet av Emne: Overtru?  (Lest 914 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Milou

Overtru?
« på: Desember 25, 2017, 05:41:11 »
Eg har ein samling med krus frå ulike stadar eg har vitja, og sentralt i denne kolleksjonen er sjølsagt ein liten avdeling Leeds-relaterte krus. Desse er flittig i bruk og spesielt på kampdag er det normalt kaffi i Leedskrus. Etter ein serie dårlege resultat i haust begynte apatien å nerme seg og før Middlesbrough kampen blei Leedskrusa ståande att i hylla (det kan til og med vere at eg drakk kaffien min frå Crystal Palace-kruset eg kjøpte på Selhust park). Etter ein god og overraskande seier mot Boro, var imidlertid optimismen attende og Leedskrusa var igjen tatt i bruk.

Vi veit alle korleis det gjekk mot Wolves, og etter det har overtrua tatt overhand og eg har sidan ikkje rørt eit einaste Leedskrus, med 5 kampar på rad utan tap som resultat. Sidan eg normalt reknar meg som ein rasjonell person, har eg eigentleg null tru på at min bruk av Leedskrus på nokon som helst måte kan ha innverknad på resultatet i ein fotballkamp. Så til neste kamp har eg planar om å ta Leedskruset fram att. Eg sit likevel med ein brøkdel av ein promille tvil att innerst inne, og veljer derfor å kjøra ein ikkje-bindande avstemning blant Leeds-fansen om dette er å gamble på Leeds sine vegne eller vitskapens triumf over overtrua.
« Siste redigering: Desember 25, 2017, 05:45:45 av Milou »