Føler trua og tålmodigheten for TC var tynnslitt etter forrige down-periode (9 tap på 10 kampar, var det?), og føler ikkje at laget har overbevist til å «smøre på» nytt lag med tålmodighet. Me kom ut av ok med poeng ein periode, men med dårleg spel, og i ein periode der me nesten utelukkande spelte mot bunnlag der siger burde kunne forventast.
Og «dårleg spel» - til tross for periodevis poengfangst - blir for meg stikkordet så langt i sesongen. Der meiner eg trenaren berre må ta ansvaret. Hans sjølvpånevnte evne til å endre taktikk og spelarstil etter motstandar har eg ikkje sett stort av, bortsett ifrå dei siste 5 kampane, men då heller noko påtvunget.
Denne kampen hadde eg ikkje forventa å vinne. Men ein håpar jo kvar gong å sjå bedring i spelet. Tålmoden min er slutt. Det positive er jo at klubben legg opp til ein langsiktig sportsleg satsing med å ikkje ha manager som velgjer spelarstallen, noko som bør minimere risikoen for å byte manageren. Det er i alle fall ein fordel eg les med ein slik organisasjonsstruktur.
Sent from my iPhone using Tapatalk