Blotta for sjølvtillit og trua på at dei kan vinne ein fotballkamp. Det ser jammen ut til å gjelde for manageren også.
Eg fekk ikkje sett kampen mot Sheff. W, men var Pearce så dårleg at han ikkje fortener ein sjanse til? Dallas er ein okei spelar, men han er ikkje back. Saiz og Alioski er også gode spelarar, men dei blir for lette etter mitt syn. For ofte endar ballføringa med at dei anten spelar ballen for langt frå seg eller dei ramlar og vrir seg som kålmakkar.
Ekuban ser ut til å vere ein allergikar - allergisk mot å skåre mål.
Nei, me må vere sjeleglade for den sterke poenghausten i august og september.
Skal me greie å halde oss eller blande oss i tetstriden neste sesong, treng me erfarne CC-spelarar og me treng ein manager som kan skape ei haldning blant spelarane som gjer at dei vil blø for drakta.
Dette har vore ein frykteleg dårleg sesong, og Radrizzani må ta grep om han vil noko med vårt kjære Leeds United. No er me eit lag "alle" kan slå, og eg gruer meg til fredagens kamp mot Villa.