Skrevet av Emne: Soccernomics  (Lest 1172 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

Milou

Soccernomics
« på: Juli 08, 2018, 05:17:42 »
Kanskje litt off-topic, men absolutt relevant i desse transfer-tider, så eg prøver meg her så får moderator flytte innlegg om dei er ueinige. Eg starta netopp å lese Soccernomics, som er skrive av journalisten Simon Kuper (som etter min meining er ein av få gode sportsjournalister) og ein økonomiprofessor. Boka er eit resulat av ein grundig data-analyse av ulike aspekt av fotballen for å få ein vitskapentleg tilnærming (tenk fotballen's Moneyball, som også er hyppig sitert i boka, for dei som kjenner til den filmen/boka).

Eit av dei første kapitla er analyse av transfermarkanden. Konklusjonen dei har her er:
- Spelarer er generelt overprisa, og jo eldre dei er jo meir overpisa er dei (spelarer blir vurdert ut frå kva dei har prestert i fortida - ikkje kva dei kjem til å prestere)
- Den beste alder å kjøpe spelarar i er i starten av tjue-åra (yngre spelarar er ikkje fullt utvikla og det er eit lotteri om dei kjem til å slå gjennom eller ikkje)
- Dei anbefaler ikkje å la manager styre transfers - managere kjem og går og det er også større sannsyleg for feilkjøp når avgjerslen blir tatt av ein enkelt person.
- Dei har følgande eksempel på klubbar som har vore spesielt sukssessfulle på transfermarknaden:
  • Olympic Lyonnais, som gjekk frå å vere ein bakgårdsklubb til å vinne Ligue 1 seks år på rad. OL hadde ei styringsgruppe på 5/6 personar som avgjorde alle transfers. Dei kjøpte generelt ukjente spelarar og solgte raskt når dei fekk gode nok tilbod
  • Nottingham Forest under Clough. Clough hadde ein assistent (Taylor trur eg) som dei meiner har like mykje ære for suksessen som Clough. Forutan å vere eksepsjonelt god til å finne talent, var ein av triksene til Taylor å kjøpe spelarar som hadde personlege problem og dermed var underprisa. Taylor og Clough fokuserte like mykje på å få dei til å takle desse problema som å utvikle dei som fotballspelarar
  • Man U under Ferguson - I tillegg til å tilføre stabilitet, tok Ferguson normalt med sentrale spelarar på råd før han kjøpte nye spelarar