Ser at mange svartmålar situasjonen i Leeds no. Det kan eg skjøne, og me fryktar vel alle at me skal glippe direkte opprykk denne sesongen også.
Samanlikna med fjorårssesongen synest eg laget har vore meir stabilt, og ikkje minst var me mykje tryggare defensivt, i alle fall fram til 3-3 kampen mot Cardiff. Etter denne kampen har forsvaret vore sårbart, slik det var store delar av sesongen i fjor.
I fjor sleit me også med å skåre nok mål i forhold til produserte sjansar, og akkurat det har vore gjennomgangstonen denne sesongen også.
Bamford har mange gode kvalitetar, men i forhold til sjansar er det, etter mitt syn, for dårleg utteljing.
Eg håpar derfor at me kjøper eit par spelarar som kan endre på dette, og eg føler meg sikker på at Orta & co prøver så godt dei kan med dei rammene som eigaren har satt.
Hadde me kome i mål med Daniel James i fjor, er eg ganske sikker på at me hadde vore i PL denne sesongen. Han har det lille ekstra som kunne sett fart på oss, bokstavleg talt.
Det er lett å sitje framfor fjernsynsskjermen og på tribunen og meine både det eine og det andre om både mannskap og spelestil, men det må likevel vera lov til å kome med synspunkt.
Bakerst har Kiko stått bra med nokre unnatak der han har vore "klovn i feltet". I går var han heller ikkje heilt på topp. Ayling har også vore god etter at han kom tilbake frå skade, men han har til tider problem med å slå den siste avgjerande pasningen, så etter mitt syn skorter det på pasningskvalitet frå den kanten. For meg har Dallas vore ein god spelar så langt, men då helst som kantspelar (back eller midtbane) og ikkje som sentralt på midtbanen.
Eg skal ikkje ta for meg alle spelarane, men det er frustrerende å sjå at Bamford er temposvak, og til tider litt pinglete og klumsete med ballen i avgjerande augneblinkar.
Elles vil eg berre seie at det er heilt fantastisk at me har Bielsa som manager. Eg må framleis klype meg i armen for å forstå at han tok nok ein sesong med oss. Både byen, fansen og klubben har vakse enormt med Bielsa. Det står ikkje på han, men me må nok vedgå at spelarmaterialet kunne vore betre. Men me og Bielsa må halde oss til dagens situasjon og då må me bruke dei spelarane me har.
Kan eg ynskje meg dette laget mot QPR?: Meslier
Ayling White Cooper Davis
Phillips
Harrison Klich Hernandes Alioski
Bamford
På benken: Kiko, Berardi, McCalmont, Edmundsson, Costa, Douglas, Shackleton. (Roberts og Forshaw er vel framleis ute).
Det blir garantert ikkje slik, men kanskje kunne det vore sunt å ruska litt i laget ... Eg synest Harrison spela bra på høgresida mot Arsenal og Alioski ditto på venstre. Kanskje har me ein ny spiss og kantspelar på plass til denne kampen, men dei får neppe sjansen frå start i så fall. Håpet om opprykk lever framleis - It's not over until the fat lady sings... MOT!