Dette er sannsynlegvis den omgangen med høgast kvalitetsfotball eg har sett i år, sjøl om det har vore relativt sjansefattig. Rutter sitt fisleskot er einaste skot på mål, men likevel ser begge lag farlege ut når dei nærmar seg mål.
Leicester har det beste forsvaret i divisjonen og vi har langt frå like god tid med ballen som vi er vant med. Dermed har Summerville og Rutter ikkje klart å vise seg fram på samme måte som tidlegare. Kamara har vore vår beste spelar så langt.
Forsvaret til Leeds har også vore bra, men eg syns vi slit litt på begge kantane. Dei gongene James ikkje har rukket tilbake å sikre har Gray slitt litt, og Byram har heller ikkje den vanlege kontrollen på sin kant. Det må vere fristande å sette inn Firpo, spesielt sidan Byram har gult kort, men det ville vere ein ganske hasardiøs gambling då Firpo har virka langt frå trygg tidlegare når han har komme tilbake etter lange avbrekk.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk