For meg verkar det svært lite taktisk å skifta stad. Sjølvsagt viser dei store pubane Leeds om det ikkje er konkurranse, og då kan det vera moro å gå dit, men så snart det kolliderer med PL/CL er det bort i ein krok (i beste fall). Då er det ikkje sikkert det vil hjelpa å koma luskande tilbake til Gamlebyen og be om å bli prioritert igjen.
Eg trivest bra både på Bohemen, Two Dogs og O'Reillys, så det er ikkje der det ligg. Det er berre at eg trivest betre med å sjå Leedskampar.