Keeper-
Trudde Sully skulle vere god nok, men har vore daarleg til no. Er nok ein kombinasjon av at han kom inn paa djupt vatn naar laget har vore som daarlegast, samt at han har vore skada ei stund. Men han blir ikkje yngre, saa ein ny keeper skulle vi gjerne hatt.
-
Warner kan sendast paa doer, og heller faa inn ein ny. Han har ein del bra redningar, men oydelegg for seg sjolv med mange usikre inngripenar som faar katastrofale konsekvensar.
-
Lund trur eg er litt ung og sped enno, men hadde vore artig om han paa sikt blei Leeds sin neste keeper.
Forsvaret:-
Paa hogrebacken held Kelly meir enn godt nok nivaa. Fjoraarets CCC-val paa hogreback er den einaste som kan faa godkjent til no i sesongen.
-
Killa har ikkje hatt ein stor sesong til no, men kven har vel det i Leeds? Trur han treng ein meir inspirerande leiar enn Butler, og ikkje ein som heile tida set Killa i vanskelege situasjonar. Han er den med storst talent i laget, og det ville vore absurd om han skulle bli tatt ut.
-
Frazer er kjekk aa ha, og enkelte meiner han er god nok til aa ta over for Kelly neste haust. Han kan uansett spele baade i forsvar og paa kant, saa er ein nyttig spelar, og ikkje minst ein som prover.
-
Butler: kan virke som han er ei lita katastrofe for laget per dags dato. Om berre nokre av rykta er sanne, saa er han involvert i mange uheldige kranglar med spelarar paa laget. I tillegg presterar han ikkje paa bana, saa Wise har ein ting aa gjere med denne mannen...
-
Crainey: ut!
-
Har sett lite av Foxe, men har litt vanskar med aa sjaa at han skal vere redninga. Det ideelle var om klubben henta inn ein ny makker til Killa.
Midtbana: -
Derry, ein slager dei siste par sesongane, har ikkje vore seg sjolv i det siste. Trur Wise kan faa liv i han igjen. Derry paa sitt beste har eigenskapane eit Leeds-lag treng.
-
Douglas spring og spring. Ikkje alltid like vakkert, men han er ein nyttig spelar aa ha.
-
Har vore skuffa over Westlake til no. Trudde han skulle vere betre, men eg er villig til aa vente og sjaa kva han kan bidra med under det nye regimet.
-
Eg har faktisk ikkje sett Carole enno, og er spent paa kva han kan tilby. Skulle gjerne sett han, og hadde trudd han ville faa sjansen i gaar. Vi treng nokon som kan kome rundt paa hogrekanten.
-
Lewis er ein humørspelar, og kan gaa fraa elendig til bra. Uheldigvis, saa synst eg han daarleg oftare enn han spelar bra. Derfor haapar eg at...
-
Johnson blir verande i klubben til klubben kan faa paa plass ein ny venstreving. Synst han har vist lovande takter.
-
Stone manglar dei eigenskapane som gjer at han er rett loysing for oss paa kanten. Trur Frazer er meir effektiv i denne posisjonen pga farten hans.
-
Nicholls har vi desverre sett alt for lite av til no. Trur han vil heve laget naar han kjem tilbake fraa skade, og foler han har rette eigenskapane for a lukkast under Wise
Spissane -
Cressy Likte det vesle han fekk vist forrige sesong. Gir alt, og prover. Han manglar kamptrening, sjolv om han byrjar aa faa nokre kampar. Med litt betre sjolvtillit og hjelp fraa midtbana, saa vil maala kome.
-
Eg har aldri vore den storste fanen av Healy. Om han har storre potensiale enn resten av spissane vaare, saa skjular han det i alle fall veldig godt! Trur nok og at han kan putte maal om han faar betre hjelp, men det skal seiast at han kanskje har vore lagets daarlegaste dei siste kampane.
-
Den som spring meir enn alle spissane vaare paa topp er Ian Moore. Maa faktisk like typen pga maaten han kjempar. Er ikkje dodeleg giftig, men kjempar hardt.
-
Blakeer den med storst teknisk repertoar i klubben. Naar ein ser han under oppvarminga har han ein heilt anna touch paa ballen enn resten av laget. Han viser ogsaa glimt av dette i kampane, men faar det ikkje til som resten av laget. Skulle gjerne sett han paa eit Leeds-lag som spelar god fotball, men trur gjerne han maa skifte klubb for aa kome vidare.
Eg har med vilje utelatt nokre spelarar. Dette fordi eg ikkje meinar dei har nokon plass paa laget vaart.
Haapar desse forvinn ut
snarast:
-
Crainey
- Gregan: kanskje betre enn Butler, men vi treng nytt blod.
- Det er to spelarar som blir bua paa av fansen paa ER: Crainey er sjolvsagt den eine. Butler den andre. Vekk med han.
- Marques: han imponerte ikkje i reservelagskampen eg saag han, og har aldri vore i naerleiken av forstelaget.
Elles er det mange spelarar som maa trimmast vekk etter sesongen, men vi kan ikkje kvitte oss med alle med ein gang. Nemner daa Sully, Lewis, Stone, Einarsson, Foxe, Moore, Blake?, Carole (om han ikkje faar vist noko).
Elles har jo vi enkelte urutinerte og unge spelarar i troppen. Howson, Rose og Rothery kan vi berre haape vil slaa gjennom. Har storst forhaapningar om Rose, og haapar han bli aa finne paa ER om ikkje saa lenge. Elles har vi jo Beckford. Om enn ikkje akkurat ein unggut, saa er han i alle fall ganske ung. Gjenstaar aa sjaa kva han kan faa til.
Og kva maa hentast inn? Ny keeper, ein venstreback, midtstoppar, hogrekant, kreativ midtbanespelar. Fem spelarar. Trur ikkje alle blir henta inn i januar, men trur Leeds ville blitt eit mykje betre lag om vi fekk inn desse. Trur vi har gode nok spissar til aa hevde oss i divisjonen, sjolv om vi har scora veldig lite til no.
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******