Skrevet av Emne: Ipswich-Leeds 16. desember.  (Lest 23306 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

GeirO

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #210 på: Desember 17, 2006, 01:53:39 »
Jøss, vi tapte bare 0-1. Fryktet mye verre.
MOT

R - R

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #211 på: Desember 18, 2006, 09:21:35 »
Var på kampen i går, og her er det eg observerte.

Les at folk flest er negative, og det er jo naturleg. Men det var i alle fall ein ting eg la merke til:

I forsteomgang var vi eit lag. Eg har sett alle heimekampane sidan oktober, og forsteomgangen var ein av dei beste omgangane lagmessig. I dag hadde ikkje vi spelarar som spelte frykteleg ute av posisjon (Foxe), og vi fekk litt 'gi faen' haldning inn på midten. Nicholls var god i forsteomgang, men var litt overtent. I forsteomgang traff han på taklingane, men når det butta i mot i andre gjekk det litt vaerre (som eg skal kome til seinare). Nicholls hadde eit par sugande taklingar som Leeds-fans elskar, og det var verkeleg godt å sjå han på bana. Derry bor etter det eg forstår kvile pga ein skade han berer på, men så lenge Nicholls har vore ute, har Derry måtte spele. No ser det ut som det fortset ei stund til...

Uansett. I forsteomgang var Leeds best. Ipswich skapte ingenting, og Kandol bomma på opent mål frå fem meter. Einaste han hadde trengt å gjere var å sette den til sida for keeper, men i staden fomla han og satte den utanfor stolpen. Ipswich sitt mål kom på nok ei forsvarstabbe. Det kom ein cross over frå hogresida deira, over til hogrebacken vår. Der var Frazer mystisk passiv, og lot kanten deira vinne duellen. Trur det var Foxe som kom for seint i den påfolgande duellen, og så var det 1-0. Endå ein gang blir vi straffa for feila våre, og her må etter mi meining Frazer (og delvis Foxe) ta skulda som ikkje gjekk opp i duell. Ipswich skapte ingenting i forsteomgang, og Wise sin taktikk lukkast. Han har gått ut og sagt han vil frustrere heimelaga, og det gjorde Leeds i forsteomgang... inntil på overtid.

Andreomgang var til tider ei trasig affaere med mykje dårleg spel. Men Ipswich hadde heller ikkje mange sjansane. Vi hadde nok sjansar til minst å få med oss eit poeng. Kandol hadde jo megasjansen i forsteomgang, og hadde eit par til i andre, mellom anna når han heada utanfor når keeperen deira var litt på baertur. Carole hadde ein enorm sjanse der han skaut i staden for å sentre til Healy som var åleine framfor mål. Så vi fortente eit poeng, sjolv om spelet i andreomgang ikkje var stort. Leeds var best i forste, Ipswich i andre. Sjansemessig fortente vi poeng.

Spelarmessig trur eg Nicholls kjem til å heve oss, i alle fall om han fortset slik han gjorde i forsteomgang. Han er fortsatt eit stykke unna kampformen og slurva litt, men han takla så det sang etter, og fekk jubel deretter av Leeds-fansen. Tok meir tak enn det Butler og Derry har gjort til no i år. Berre så synd han mista hovudet i andreomgang. Har heile 'incidenten' på film, både det forste gule kortet og episoden som forte til det raude kortet. Det som framstår som mystisk på meg er at Nicholls blei dytta, men Ipswich blei ikkje straffa for det. Enkelte Leeds-fans sa han lata, men er ikkje sikker ((Edit: han blei skubba med brystkassa av ein Ipswich-spelar, som burde fått gult kort). Skal ta ein naerare kikk på filmen seinare. Utvisinga kom jo av at han ga Haynes ein alboge i ansiktet. Slik ser det i alle fall ut som, sjolv om eg ikkje trur det var rare kontakten(Edit: kontakt er det nok, men er hardt i domt etter det eg ser om han fekk direkte raudt). Om Nicholls lata i tillegg hjalp ikkje det stort... frykteleg synd. Eg fekk ikkje det med meg, men mange som hevda han fekk direkte raudt. I så fall er han ute i tre kampar. Som sagt, spelet hans bar preg av at han var overtent. Han har lenge hatt lyst til å kome tilbake på bana, og eg er sikker på at han kjem til å heve laget på sikt. Akkurat no må han gjere seg ferdig med soninga, få ned tenningsnivået, og så fore Leeds oppover.

Forsvaret vårt var ikkje fantastisk i dag heller, men det hjalp heilt klart å setje Foxe inn i midten og spele Frazer på backen. Frazer var positiv i forsteomgang. Var med offensivt og viste at han kan utnytte farten sin til å kome seg framover. Lewis gjorde seg heller ikkje vekk på backen, og kom greit frå det. Midtstopparane våre har ikkje dei heilt store eigenskapane. Heath er hog og tynn, og er hovudsakleg ein hovudspelar, men blir ofte litt veik i duellane. Foxe er ein betre spelar enn Heath, og blir forhåpentlegvis makker til Killa. Gledeleg å sjå han på benken igjen. Han kan springe, men har fått smerter når han skyt ballen. Med ei vekes trening er han kanskje klar mot Hull.

Derry fortsatte sitt svake spel på midten, og er heilt ute av seg. Han har aldri vore god offensivt, men manglar i år fullstendig det defensive arbeidet. Kjem ikkje opp i spelar, og får dermed ikkje satt inn taklingane han har blitt kjent for. Pasningane hans er lite konstruktive og endar ofte opp hos motstandar. Slik det er per dags dato er eg tilboyeleg til å bruke Crainey på backen, Lewis på venstrekant, og så Westlake og Nicholls sentralt, eventuelt Nicholls og Douglas. På denne måten frigjer ein Lewis offensivt, og Westlake kjem betre til nytte sentralt, så får vi heller leve med Crainey sitt hasardiose spel. Derry har vore ein av dei svakaste spelarane på Leeds, spesielt med tanke på at vi veit han kan. Douglas hadde ingen stor kamp på hogrekanten. Vil og prover, men er ingen hogrekant. Det var litt av problemet vårt i går. Begge kantane våre er ingen kantar, og vi mistar dermed mykje av det offensive spelet. Oppe på topp kjempa Kandol. Vann mange hovudduellar, kom til sjansar, men spelet hans berer preg av at han manglar siste touchen på både skot og pasningar. Bommar ofte på dei enklaste pasningar. Men han kom til sjansar i det minste og sto på! Om vi hadde hatt ein betre plan rundt spelet kunne vi kome til fleire farlegheiter om vi kunne ha utnytta Kandol sin hovudstyrke betre. Han vann fleire hovudduellar, og flikka ballen vidare. Men som oftast gjekk den inn til keeper fordi ingen lurte i bakrommet. Moore fekk lite til i går. Hadde sin vante innsats, men det blei ingenting ut av det. Han treng ballar å lope på, og fekk ingen i går.

Innbytta våre gjorde lite til eller i frå. Carole fekk ein halvtime, men satte aldri sitt preg. Hadde ein stor sjanse, men utnytta den dårleg, og burde heller ha sentra til Healy i betre posisjon. Synst vi utnytta Carole sine eigenskapar for lite. Ipswich utnytta til fulle Haynes sin fart når han kom inn. Kvifor gjorde ikkje vi det same og fekk litt breidde i spelet? Der har vi ein jobb å gjere. Samstundes virka ikkje Carole veldig på hugget når han hadde ballen. Healy la ikkje eg så mykje merke til når han kom på bana. Fekk ikkje så mykje tid, og kom aldri med i spelet. Horse var fullstendig fråverande...

quote:
Originally posted by Sølvreven
Vel. Sitter vel med følelsen av at vi var det beste laget i første omgang, men slipper inn et drittmål. Er man beste laget, så bør man lede også.


Go Leeds Go



Einig med dette. Ipswich var ikkje betre enn Leeds i forsteomgang, og vi hadde den desidert storste sjansen. Målet til Ipswich kom ut av ingenting, som har vore det store problemet til Leeds - vi blir straffa for alle feila våre!

quote:
Originally posted by soumoh

Radiokommentatoren på LUTV kan neppe se den samme kampen som meg. Han sier at Leeds har vært det beste laget. Hvordan kan det være mulig når statistikken taler i mot oss? Ipswich har vært det beste laget. Dessuten, vi skaper ikke en eneste sjansje. Bortsett fra den ene sjansen til Kandol, har vi ikke skapt noe som helst. Det er jo det som skiller Leeds anno 2006/07 fra fjorsesongen. At vi ikke skaper en dr*tt.

We'll be back.



Statistikk fortel ikkje meir enn kven som har hatt ballen mest og kven som har kome til avslutningar. Greit nok, men Ipswich hadde ikkje sjansar i forsteomgang. Leeds skulle ha leia 1-0 til pause med Kandol som målscorar, men i staden for putta Williams. Ja, vi er i ein elendig situasjon, men fakta er fakta.

quote:
Originally posted by Sølvreven

Mørke tider. Føles som om Leeds ligger nært opp til Mordor for tiden. Jeg har totalt resignert. For hver kamp nå, så sitter jeg bare å venter på at elendigheten skal starte. Når Leeds slipper inn første målet, (og det gjør de jo hver gang) så tenker jeg automatisk: Jepp, dett var dett. Jeg har overhode ikke tro på at de skal vinne, og de få gangene de gjør det, så er jeg oppriktig overrasket.

Better dead than red.



No har det seg slik at eg held på å lese Ringenes Herre for tida (snart ferdig). Og eg kjenner meg veldig igjen i det du skriv. Har og eit ganske bra bilete av situasjonen. På bussen tilbake (med Griffin supporter branch, Phil Beeton) tok eg eit bilete av eit Leeds-flagg som hang i eit av vindauga. Flagget var opplyst av eit par spottar over, men biletet mitt fekk likevel ein gråleg, mork skugge over seg... Leeds har vel aldri vore lenger nede enn det vi er i dag.

Problemet er at det ikkje er store lys i tunnelen. Ikkje spelar vi bra. Laga vi spelar mot treng ikkje spele betre fordi dei alltids får sjansen til å putte pga håplause feil. Forsvaret gjer feil, midtbana feilar både defensivt og offensivt, og spissane våre lider av dette. På leiarsida virkar den vesle framgangen ein kunne fole i byrjinga å ha stagnert. Wise tyr til unnskuldingar og seier det er små feil som kostar oss. Ja, vi gjer feil som gjer at vi kjem under. Men, det er jo ikkje det einaste problemet! Det er som eg og Sverre snakka om etter kampen mot Derby: det er skuleguttnivå på det meste som blir gjort. Ein gjer basisfeil om og om igjen, og vi har ikkje ein fungerande taktikk.

Bates er mystisk taus om tida. Forhåpentlegvis er det fordi han er opptatt med å gjere ting klart for januar. Eg klarer ikkje å vente på januar i håp om at vi får henta inn sårt tiltrengte forsterkningar. Nye spelarar er eg sikker på kjem inn, men tvilen byrjar å kome om dei riktige spelarane blir henta inn. Situasjoenn i dag er at ingen på Leeds forsvarar plassen, men om ein skal prioritere må dette gjerast:

Keeper, venstreback, midtstoppar, sentral (offensiv) midtbanespelar, hogrekant og spiss. Seks spelarar. Sannsynlegvis får vi ikkje sjå stort meir enn halvparten. Som sagt - vi kunne bytta ut heile stallen, men det vil jo ikkje skje. Det som skjer er nok at vi hentar inn fleire spelarar defensivt samt ein hogrekant. Stort meir blir det antakelegvis ikkje. Avheng mykje om vi selger nokon. Om Healy forsvinn treng vi ein ny spiss inn. Horse forsvinn heilt sikkert, og eg reknar med Kandol blir henta inn i staden. Sentralt på midten manglar vi kreativitet, men det kan til ein viss grad oppvegast med gode kantar. Vi har ingen av delane for augenblinken. Trur ikkje vi kjem til å hente inn nokon sentralt på midten, men forhåpentlegvis vil vi få ein ekte hogrekant inn på laget.

Det kjekkaste frå i går var at Leeds-fansen overdoyvde Ipswich-fansen til dei grader. Det var så gale på eit tidspunkt at vi sang og lagde hysjelydar til Ipswich-fansen. Dei kom litt ovanpå i andreomgang pga målet, men problemet til Leeds er i alle fall ikkje fansen!

- Rune

1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[:D]

Job Done Preston, *******
« Siste redigering: Desember 18, 2006, 10:26:22 av R - R »
- Rune

TrJ

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #212 på: Desember 18, 2006, 13:47:52 »
Takk for et godt referat Rune!
Tror du har rett i det meste av det du skriver, jeg håper også på flere forsinkede julegaver i januar..
/Terje


"When I finish with football, I will be able to say 'I played for Leeds'. No one will ask me which division I was in, they will just know it was the biggest club I have played for."
- Rodostin Kishishev.

Tom S

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #213 på: Desember 18, 2006, 13:49:19 »
Flott innlegg Rune!



WE'RE LEEDS AND PROUD!!!
COME ON LEEDS !!

Sverre

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #214 på: Desember 18, 2006, 14:28:06 »
Glimrende oppsummering, Rune!

Som vanlig vant dere på tribunen, men på banen, der sliter vi tungt fortsatt...
 

flynn

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #215 på: Desember 18, 2006, 14:46:46 »
Rune;

Takk for flott referat! Det eneste jeg savner nå er at du gir poeng til de du føler var minst dårlige, i MoM-tråden vår, http://www.luscos.com/forum/topic.asp?TOPIC_ID=5908

flynn

Robert H.

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #216 på: Desember 18, 2006, 15:38:23 »
Tusen takk Rune!

Dine glimrende oppsummeringer etter kamper vi ikke har sett på TV er uvurderlige!

Ferre

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #217 på: Desember 18, 2006, 16:27:30 »
Flott Rune, takk for referatet!

-WE'LL BE BACK-

Will

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #218 på: Desember 18, 2006, 17:40:56 »
Veldig bra inlegg Rune! Skal til Elland Road over nyttår. Vet ikke om jeg skal grue eller glede meg? Første gangen også vettu. Jomfruturen. Tror uansett at atmosfæren blir en god opplevelse.

WG
WG

HåvardK

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #219 på: Desember 18, 2006, 20:06:46 »
Takk, Rune. Fortsett slik også på nyåret.

RoarG

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #220 på: Desember 18, 2006, 20:11:11 »
Flott med et skikkelig referat av folk som er tilstede på kampene og som får med seg ting som vi andre ikke har muligheter til. Synd med det røde kortet til kapteinen.Nye folk i januar? Jo gjerne, med jeg håper da at vi ikke går poengløse av banen i jula. Hull bare MÃ… slåes!
"Jeg tror ikke på Gud, men etter Bielsas ansettelse må jeg nok revurdere", Roar Gustavsen, januar 2020

asLeeds

Re: Ipswich-Leeds 16. desember.
« Svar #221 på: Desember 18, 2006, 21:24:01 »
23 MÃ… da bli 3 poeng!!!!!eg nekter å gi opp håpet enda. LEEDS skal klare seg denne sesongen!!!
GOOOOOOOOO   LEEDS!!!!!!

ASLEEDS 4389
DALHEIM WHITES