Reisetema: Peru og Sør-Amerika

Started by Per-Stian, February 13, 2007, 19:13:05

Previous topic - Next topic

0 Members and 1 Guest are viewing this topic.

Per-Stian

1.september 2007 kjem eg etter alle solemerker til å flytte til Peru og Lima på ubestemt tid. Eg skal dele leilegheit med ein kompis frå Oslo. Skal i første omgang lære meg spansk, smake på kulturen og gjere eit dykk i verdshistoria. Så får tida vise om eg får meg ein jobb der nede slik at eg kan bli fastbuande. Det verste blir nok å miste moglegheiten til å ta meg ein svipptur til Leeds.

Er det nokon som har erfaring med reising i Peru og/eller andre sør-amerikanske land? Destinasjonar som er "must-see"? Områder som turistar bør halde seg langt unna?

R - R

#1
Eg skal faktisk til Sør-Amerika sjølv i den perioden. Eg og kjæresten min reiser til Sør-Amerika i byrjinga av september, og reiser heim igjen like før jul. Skal sjølvsagt innom Peru, som har Macchu Picchu som 'must-see', men e jo elles mykje historie i området. Kanskje vi kan utveksle litt info etter kvart som vi får meir kunnskap

- Rune

1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[:D]

Job Done Preston, *******
- Rune

Per-Stian

Vi buset oss mest sannsynleg i Miraflores, ein nokså velståande bydel av Lima. Med base her har eg lagt opp til turar til Amazonas, fjellvandring i Andes (inkludert Macchu Picchu og Inkariket deromkring), Buenos Aires, Rio de Janeiro, Uruguay med fleire. Skal visstnok vere ein relativt urørt by nord i Peru som byr på sol og strand med prisar så låge at ein kan le!