Personleg var eg iallfall meget naiv og blåaugd ved sesongstarten. Eg trudde faktisk spelarar som Stone, Healy, Butler, Sullivan, Douglas, Carole og Kilgallon skulle befeste vår posisjon i toppen av CCC, ja kanskje spele oss tilbake til Premier League. Hausten kom og Blackie fekk fyken, Kilgallon vart seld, det rakna fullstendig bakover samstundes som vi hadde skåringsvegring. Situasjonen og synet mitt på klubben endra seg dramatisk. Eg trudde lenge at vi faktisk hadde eit godt lag "på papiret", men i praksis såg eg at eg var disillusjonert.
Når realitetane kom over meg forstod eg at nesten kvar ei forsterkning var positiv. Eg prisa meg lukkeleg når vi signerte Thommo, Flo, Ankergren med fleire. Og når Marques vart henta fram frå mørkret og gjorde ein god kamp, flørta eg med tanken om ein ny Radebe.
No, derimot, ser eg mørkt på det meste. Kishishev har vore vår desidert beste spelar (jamnt over) sidan han kom. Ein reserve frå eit botnlag i PL skulle altså etter kort tid vise seg å vere vår beste spelar! Det viser kor dårlege vi er, og at vi må sjå oss sjølve i spegelen kvar morgon.