Addeco oppsumering fra Molde

Started by MrK, June 12, 2007, 16:01:46

Previous topic - Next topic

0 Members and 1 Guest are viewing this topic.

MrK

Hentet fra www.mfk.no - dette er på nivå med Per Stian!

SIGER PÃ... AKERVOLLEN

BEST PÃ... KJELLBERGODDEN: KLUNGRBUSKEN!

Daniel Midtmann og dei andre knottmennene frå Midtmøre fekk mykje fagnad etter slaget på Aspmyrvollen. Dagen etter striden peip stuttluren til lovseiemannen i Bodø framleis i øyregangane til knottmennene. Mange lika ille kortleiken til lurblåsaren . Verst var det for Magne Hårfagre og Mame Måltjuv som ikkje fekk setje knottane på Akervollen med det første.
Det var sagt at pipeblåsarar og flaggveivarar måtte gå nye vegar med lovseinga si. På Aker Stadion kunne dei rydda mjuksessane mot sud for storfolk. I staden kunne lurblåsaren og flaggveivarane få sitja der ein såg best og ikkje vart sår i sessen. Det ville sjå betre ut om dei gjorde som lovseiemennene i Britannia og sette på seg kvitt laushår med krullar.
Saman med dei tre kunne det og sitja ein folkejury som skulle seia ifrå om ein knottmann hadde gjort seg skuldig i lovbrot.  Det var rimeleg at juryen vart sett saman av serkfolk og brokfolk frå roparhæren Klungerbusken.
Lurblåsaren vart sitjande så langt ifrå sjølve grasvollen, at han måtte ha høve til å nytta draglur eller tuba om det var turvande.
Ein dag var det serkfolk på vitjing medan knottmennene tok til seg næring på Kjellbergodden. Ei kvende møtte opp og las opp kvad for hæren til Svea-Kjell.
Mange meinte det var dette som gjorde at det vart siger i Bodø. Skulle det lesast kvad ein gong til, måtte Knut Ambassadør vera med og setja om kvada til islandsk for Marel Baldvinsson. Dei andre som ikke kunne eit kløyva ord norsk, måtte få høve til å trø skrevrokkar i staden.
Det var styggeleg varmt på Midtmøre i byrjinga av juni. Folk gjekk rundt med svarte sjåglas på raudbrente nasar, og alle hadde stuttbrok. Mange hadde ikkje tekstilar oppom brøkene, og ikkje alle bleike vommar var like vene. Bleike leggar stakk fram under stuttbroka, og dei var heller ikkje noko syn for gudar.
Kosthaldet vart enklare og enklare, og i Rosekaupangen byrja bakeriet å selja brød med kniv.
Det vart lettvindt å ta til seg føde på dette viset, og mange ynskte seg no suppeposar med skei og frityrtorsk med gaffel.
Folk tenkte meir på drykke enn på mat i den gloheite lufta. Mange drakk mjød, medan dei som hadde sjølvgåande køyregreier måtte greia seg med vatn. Med varmen kom istida, og gamle og unge gjekk rundt og sleika i seg frosen fløyte i krumkaker.
Mange la seg ned attmed fjorden og kasta av seg så mykje klede som dei våga. Andre stader i landet fekk folk liggja splitter nakne i strandkanten. Korkje serkfolk eller brokfolk i Molde våga å kaste alle tekstilane i sommarvarmen. Dei som tok av seg mest klede, låg for det meste på magen og svidde ryggen.
Ein stad attmed sjøen var det laga store sandhaugar som likna små pyramidar. Der låg mange og svidde svoren, og så duppa dei seg i saltvatn no og då.  Framandfolk sa at midtmøringane skulle ha mykje ros for at dei tok vare på dei gamle gravhaugane sine..
Det vart sundag att i Rosekaupangen, og innbuarane byrja bu seg på strid. Etter at midtmøringane hadde slege Bodøhæren, kom ein ny hær oppe frå nord for å yppa seg mot midtmøringane.

Ein skald laga dette kvadet:

I Bodø såg me mange gode saker,
men no vil vi sjå det same på Aker.
Om me ikkje vinn over Tromsdalen
vert eg eitrande sint og galen.
Eg nektar å gå frå valen
med  beina utanpå halen!

Skalden fekk ikkje mykje fagnad for kvadet sitt, men kritikarane måtte vedgå at det var fleire gode rim, og det måtte lesast som ei oppmuntring til knottmennene. Og det vart og sagt at det gjorde berre godt med rim i varmen.
Ein annan skald greidde ikkje å finna gode rim, men han sa fram meininga si i prosa:
- Dei seier at midtmøringane må slå ballen inn i bakrommet. Og det er lurt. For alle veit at den gamle knottmannen Nesbø-Knut sit i ”Bakrommet.”

Utpå ettermiddagen knotta ei to hærane seg ut på ei grøn og nyvatna voll.  Andre hærar som hadde vore på Akervollen, hadde stort sett halde seg attmed sitt eige bur og passa på at midtmøringane ikkje fekk målskot. Tromsdølane gjorde det annleis. Dei ville leika god fotball, og det høvde heimehæren godt.
Knottmennene til Svea-Kjell var framfusne og synte snart at dei var den beste hæren denne dagen. Men det var heller vanskeleg å få målskot.
Det var styggeleg varmt, og sveitten rann i strie straumar nedetter ryggen på klnottmennene. Men ein mann lika seg godt denne dagen. Han heitte Pape Pate Diouf, og han stortrivdest i solskinet. Han sprang framover, attover og sidelengs, og tromsdølane greidde ikkje å stogga han.. Etter denne striden fekk Pape Pate kunstnarnamnet PP.
Mattias Motstraum og Toni Suomi freista å skyta sund målstaurane, men greidde det ikkje.
Denne dagen var båe hærane glade då dei fekk knotta seg til utburet for å koma i skuggen. Fylgjesveinane lika seg godt i sola, og liter på liter med rapdrykkje gjekk ned.
Då hærane kom opp på vollen att, såg folket i roparhæren at heimehæren berre vart betre og betre.  Då knottmennene hadde sveitta av seg ein stor del av kroppsvekta, fekk PP munnvikene opp på fylgjevseinane.  Han gjorde det alle sat og venta på og sette ballen inn attom gjestane sin burvaktar.
Alle som hadde smålurar, ringde inn for å seia kven dei tykte var den beste knottmannen på vollen. Dei fleste meinte det var Milan Milanovitsj Gauseth. Stålmannen frå Mo venta mange mål frå Milan Milanovitsj om han berre skrudde siktet sitt 10 cm lågare.
Dei som gjorde det aller best på Akervollen denne sundagen, var Klungerbusken, eller Tornekrattet som dei sa på riksmål. Dei song og gaula og gjekk i takt frå side til side. Det vart sagt at leiaren deira hadde drive med dressur tidlegare, og at det var ho som hadde fått fylgjesvienane til å gå i takt.. Alle andre som stort sett sat i ro på sessane sine, sette pris på det Klungerbusken gjorde i denne striden. Svea-Kjell fortalde til runeritarane at han såg like mykje på Klungerbusken som på hæren sin denne dagen.
Om Klungerbusken får alle til å lette på rova og dansa med, har vi fått ei ny form for ”bølgje” på Akervollen.
Tre poeng etter møtet med tromsdølane gjorde Svea Kjell glad, og han sa fram dette kvadet;

- Fy fasan hva vi var god
tre poeng, no har vi tjueto.
Vi slår oss på barmen
og nyt sommarvarmen.
På vollen dansa PP
og poenga dei kom, heile tre!

Skeidsjåar

Publisert 11.06.2007


"finnes det overhodet noen på kloden som  kler ORANGE"

Ã...lesund er på plass (sist i TL) sitat Henrik Elvestad i Golden Goal 17.04.07
Hørt på Living Room; "where's the cardmachine"?

MrK

Roy Helge Olsen bør få premie etter helgens utvisning av Trond Strande - tv bildene frikjenner Strande for hands. Alle så det unntatt RHO - antagelig den dårligste trønderen ever - det sier ikke lite!

"Molde på topp"

Hørt på Living Room; "where's the cardmachine"?

Budda

Ja, utvisning var helt utrolig! At det er mulig å dømme så feil skjønner jeg ikke. Han burde få karantene for den feilen
Endre

Gunnien

#3
hmmm kan jo være for kjeften han fekk kortet og???  og det er faktisk hends om dokker ser godt etter[:)]

#1795
#1795

MrK

quote:
Originally posted by Gunnien

hmmm kan jo være for kjeften han fekk kortet og???  og det er faktisk hends om dokker ser godt etter[:)]

#1795



hallo - gå en tur til optiker!

http://www.fxt.no/forstediv/article1273678.ece

"Molde på topp"

Hørt på Living Room; "where's the cardmachine"?

Gunnien

he-he  mulig eg såg feil men syntes det så ut som ballen sneia albuen såvidt men som sagt, kan være synsbedrag..
ellers har eg for lengst konstantert at dei beste dommerane (og spelerane for den del) oftast befinner seg på tribunen.. (og ofta på mitt sete[:D])
merklige greier det der[:)]

#1795
#1795