Tilbake i Norge etter tre-fire dagar i Berlin. So nære Leedslaget, men likevel so langt i frå nyheter om laget. Mest utenomsportslege ting på forumet fortsatt ser eg, desverre. Litt om kampen:
Først må eg seie at det var ein opplevelse å gå frå s-bahnen til stadion. Tyskarar på kamp, betyr øl,øl og øl. Tydlegvis. Men stemninga var bra. Inne på stadion følte eg meg fort litt aleine. Bortsett frå eit par-tre andre Leedsfans, var vi omringa av U.B.-fans. Leedsfansen var ikkje å sjå noken plass, men eit par minutt før kick-off kom dei slentrande frå ølområdet dei og. Under overvåkning frå der Polizei. (Heldigvis slapp vi inn i Leedssvingen før start vi og.)
Vanskeleg kva ein skal forvente av ein treningskamp som dette. Har dei trent hardt heile veka, bør det vel gå ut over prestasjonen. Uansett kunne eg i starten av kampen sjå forsøk på spel, og ein tendens til posession. Særleg Beckford gjekk på mange løp, og var hurtig og veldig aktiv i spelet. (Håpar han blir, sjølv om han burde ha scora.) Bl.a. ein i tverliggaren.
Det som var urovekkande, men som eg håpar vi får ordna var det forferdelege forsvarspelet. Og då snakka eg om basis soneforsvar. Både på midten, men særleg i forsvaret var det frykteleg samhandling, med tanke på kor ballen var, kor medspelarar og kor motspelarar er. Enten var to forvararar på venstre sida, og to på høgre sida, so det blei eit stort rom i midten. Eller to oppe i bana, mens to sto nede.(Trekkspel). Som sagt kan harde treningsøkte være årsak til at haudet ikkje var på plass, elles har vi ein tøff sesong foran oss. (Som vi ikkje har det frå før....)
Som sagt var Beckford farleg fram på, Thompson var ballkåt og møtte mykje på midten. Prutton var usynleg på kant, litt betre som sentral etter pause. Loach såg under oppvarming ut som ein nervøs guttekeeper, men viste seg fram med mange gode redningar i kampen. Weston kom inn, fekk ikkje til so mykje.
Carole viste herlig teknikk og løfta laget med sin inntreden. Constantine fekk vist fram enkelte gode touch, men heller ikkje meir. Loach i andre omgang fekk ikkje mykje å gjere på, men klarte seg greitt.
Leedsfansen var i mindretal, og bortsett frå dei vanlege sangane gjekk det mykje i "Bates out" "Wise out" og "Get the Chelsea out of Leeds". Såg ikkje noko tendensar til publikumsbråk utanfor stadion, men blei trøbbel mellom to grupperingar utanfor s-bana. Kunne faktisk ikkje sjå om det var Leedsupporterar involvert. Eine gruppa var u.b.-fans, mens den andre ikkje hadde drakter på seg. Men politiet fekk sendt eine gruppa på toget, utan at det utarta seg. Gjekk fint å gå i Leedsdrakt, berre ein oppførte seg. Traff på supporterar frå Belfast, Danmark, Tyskland, og praten gjekk på toget heim.
Ein liten rapport på kvelden, sikkert veldig rotete, men det får vere. God natt!
La fortsettelsen handle om det sportslege.
Henning.