Så er det vel opp og avgjort.
Sjølv om det nå muligens går til diverse rettslege instansar, er nok slaget som tapt. Vi starter med -15, basta bom!
Dette har vore den svartaste summaren i historia til mitt elskede Leeds United. Den eine skuffelsa etter den andre har velta inn over meg. Administrasjon, minuspoeng i hytt og pine og dag ut og dag inn med venting.
Mange latterfulle og spydige kommentarar har eg måtte tåle på den lokale puben, men heldigvis også sympatiske kamerater som synest det er veldig trist det som nå skjer i klubben.
Personleg så tar eg ikkje innover meg spydige kommentarer, det bare beviser at folk følger med, og les om Leeds United, men synest allikevel det er mangel på folkeskikk å tråkka på ein klubb som til de grader sliter i gjørma. Sjølv om det er mange klubber eg â€hater†og â€mislikerâ€, så unner eg ingen klubber og havna i den situasjonen som vi er i nå. Ingen!
Nå må vi legge alle sorger bak oss, ein kan ikkje forandre fortida.
Sesongen startar om 2 dager, og klubben treng all den supporten den kan trenge.
Etter kva eg forstår har klubben gjennomført ein god Pre-season, kor spelarar som er villig å blø for drakten og klubben, har trent utan kontrakt, med muligheter til å signera for andre klubbar høgare oppe i ligasystemet.
En aldri så liten â€applaus†til uskjelte Wise (liker fortsatt ikkje karen) som har fått spillerne til å halde fokus på det rette.
Nemleg fotballen.
Trur ikkje sesongen ende med opprykk, dessverre.
Ser for meg eit ungt lag, som kjem til å svinga i prestasjonene, men med nokre gamle rever på laget som Thompson, Flo, Marques og Ankergren er det sjølvsagt lov til å håpe på play-off, ja kanskje direkte opprykk!
Så nå har eg "viska vekk" alle dei regntunge og mørke Leeds dagene i sinnet.
Vi er gjeldsfrie og ein ny era kan starte.
Gleder meg verkelig til sesongstart gutter og jenter, og det gjør vel Dykk og?
Sesongen starter med 3 poeng på laurdag, og da er det muligens bare 12 fattige poeng fram til Playoff.
Det er jo ikkje allverdens? [
][
]
I`d rather walk alone