Er med stor sorg og sjokk eg i dag les dette.
Sjølv har eg vore vekkreist i heile haust på tur i Latin-Amerika, og har ikkje hatt tid eller anleiing til å halde meg oppdatert på forumet. Sist gang eg las noko her fekk eg med meg at Sverre var sjuk, men eg antok vel at dette skulle gå bra.
Første gang eg traff Sverre var for to år sidan, på heimekamp mot Cardiff. Han framsto som ein meget hyggeleg mann, full av informasjon og interesse for Leeds, og ein stor ressurs for LUSCOS. Det var derfor med stor glede eg fekk mail av Sverre forrige haust, der han fortalte at han og andre skulle over på kamp (sjølv var eg student ved universitetet i York, og fulgte alle heimekampar), og om vi skulle treffast. Det ville eg sjølvsagt, og vi møttast over nokre øl og hadde ein flott dag ilag med bla. Torgeir.
Eg trudde ikkje det kom til å bli siste gang eg traff Sverre. Eg var tenkt å kontakte han sjølv for neste Leeds-besøk, og rekna i alle fall med å sjå han til jul neste år, til den tradisjonelle siste heimekampen før jul. Men den gang ei...
Sender mine kondolansar til familien og venar. Heile Leeds-familien har lidd eit stort tap.