Klart det handlar om pengar frå Swan si side. Ein er historielaus viss ein hevdar Leeds sitt akademi ikkje lenger produserar varene. Ein treng ikkje sjå lenger enn til dagens stall at fleire Leeds-produkt får prøve seg, og Delph har nettopp blitt solgt til Villa og blir snakka om som ein mogleg outsider til England sin VM-tropp neste år.
Leeds sitt u-16 og u-18 lag spelte nettopp mot scum, og kom frå det med seier og uavgjort. Vi har produsert spelarar på løpande band dei siste åra som har fått prøvd seg her, og blitt kjøpt opp av andre klubbar i høgare divisjonar. Dei som har forsvunne frå klubben FØR dei har prøvd seg på a-laget har forsvunne ut i ingenmannsland. Taiwo, Woods, Rose, Gordon, osv - kor er dei no? Fleire av dei hadde sannsynlegvis fått prøve seg om dei hadde blitt verande i Leeds.
I staden skal dei prøve å utkonkurrere Lampard, Essien, Modric eller liknande. Kor mange spelarar har kome gjennom akademiet til Chelsea dei seinare åra? Terry kom opp for ti år sidan, og er den einaste spelaren på laget som har nokon fortid der. Korleis trur Swan og Hutton dei skal kome inn på laget kjøpt for sjeiken sine oljemilliardar? Problemet til dei er at dei må vere eit heilt eksepsjonelt talent for å kunne klare det. Sjølv om dei er eit stort talent som i mange tilfelle ville ha spelt for andre PL-lag, så er ikkje det nok i dei største klubbane. Dei satsar heller på det trygge og kjøper Adebayor for £25m eller Lescott for £24m.
Unggutane tjener kanskje på overgangen i det korte løp i form av betre løn. På lengre sikt hamnar dei kanskje opp i Port Vale eller Cambridge fordi dei aldri fekk sjansen a-laget. Vi ser i dag at Taiwo har gått til lån til Carlisle. I staden kunne han ha spelt for Leeds og fått 50 kampar allereie og verdifull erfaring som gjer han klar for eit høgare nivå. Kamptreninga du får på reservelagsnivå er ikkje nok. Delph spelte på ein sesong over 50 kampar for Leeds, medan Howson har spelt over 100 kampar og er vise-kaptein i klubben. Dette er spelarar som vil gå hen og ha ei lang karriere innan fotballen. Eg er ikkje like sikker på om dette vil vere tilfellet med Taiwo & co.