Macca har tidlegare verka veldig tru mot ein stamme på 11-14 spelarar, med unntak av cupkampar. Kanskje var sigeren mot Palace så overbevisande at det har fått han til å tenkje litt nytt?
Den største overraskinga i mine auge, er Ankergren. Vårt soleklare førstevalg mellom stengene i fleire sesongar. Lucas har med svært få unntak verka ruskete. Gledeleg at Delph får fornya tillit, men kva tenkjer Howson om dette?
Kilkenny har framstått som ein god spelar etter returen frå OL, og Robbo skal vite at det er kamp om plassen. Hughes er ein framifrå proff spelar som alltid gir 100%. Snoddy har spelt fleire minutt enn eg hadde forventa av ein nykommar. Det er kanskje sunt å kvile han litt?
Kor er Telfer? Hadde ikkje han ein kanonkamp sist? Er han så porøs som ein kan frykte av ein på nesten 40 år?
MOT!