Som sagt mange plassar. Var utruleg stemning blant fansen på tirsdag. Nesten gjennom 90 minutt var det fullt trøkk og var verkeleg kjekt å stå blant felles supporterar.
Vi spelte ut motstanden på tribuna og vi gjorde det på bana og. Berre so dumt at vi opna so dårleg. Sjølv om vi spelemessig var med frå start, slepp dei altfor lett til, og det er nok ein del som må spørre seg om dei kunne ha gjort noko for å unngått måla.
Frykteleg surt å tape ein sånn kamp, men samtidig er det litt betryggande å sjå at vi spelemessig spelar ut eit middels championship-lag. Om vi skulle rykke opp denne sesongen, og med enkelte innkjøp før neste sesong, ligg det til rette for ein brukbar sesong neste år også.
Men først må vi tenke på det som skjer no, og det er huddersfield som ventar på laurdag. Til fulle tribuner håper eg det blir nok ein kjempeoppleving på tribuna, men denne gong med siger også på bana.
Har no sett 6 kampar her borte og det rare er at Leeds fortsatt ikkje har scora på den sida eg sit.(North Stand på Elland Road) Håpar det skjer på laurdag, for ingenting er som å ei Leeds-scoring på nært hald.
Lykke til alle saman!
MOT