Frykteleg førsteomgang i går. Trur nok innstillinga var heller dårleg blant mange og at dei fleste trudde dette skulle bli enkelt. Men Northampton var aggresive, pressa høgt og tillot ikkje Leeds å spele sitt spel.
Forsvaret kan ikkje å markere offansivt. Mens ballen er oppe spring dei berre å ser på nettopp ballen, mens to, tre motspelarar får stå åleine i nærheita. Når då ballen kjem opp er det alltid motstandar først på ballen.
Midtbana hadde ingen bevegelse og sprang imellom som høns heile omgangen.
Og Becchio vart heilt åleine mot forsvaret.
Når Northampton pressa sopass bra og høgt, spelte forsvaret heilt riktig mykje langt, men det hjelp lite når Becchio er heilt åleine, mens midtbana står igjen bak med forsvaret.
Fullstendig fortjent leiing til pause og Leeds blei bua ut i pausen. Verste omgangen eg har sett her. Berre Millwall- kampen kjem i nærheita, men dei er tross alt eit betre lag.
Andre omgang var mykje betre (skulle berre mangle). Leeds-fansen blei meir med (var uvanleg stille i første), vi hadde ballen meir, meir trykk og ein del sjansar. Vi fylte på betre på andreballane og Beckford var meir i midten enn i første. Derfor var det fortjent når utlikninga kom.
Når Beckford blei skada mista vi ein del av trykket oppe, men det var likevel vi som skulle score om det var noken. Men corner når det gjenstår nokre minutt. Becchio står på midtbana og veiva med hendene mot benken. Får tydleg beskjed om å springe heim og byksar heim i tide. Vi har alle spelarane tilbake, men desverre er det nettopp Becchio som mister markeringa, og Northampton scora på det einaste forsøket i andre.
Berre Becchio som kan seie seg fornøgd med førsteomgangen. Synst elles at Parker gjer mykje bra kampen igjennom. Blir lurt eit par gangar, men gjer mykje bra og. Lucas har vel ikkje so mykje å gjere. Beckford scora. Snodgrass positiv når han kjem inn.
Vi trenge verkeleg ein "run".................